Hopp til innhold
Taxi i Ålesund
Foto: Alf Jørgen Tyssing / NRK

Taxi i Møre og Romsdal

  • Ingen verdiar att i selskapet

    Møre og Romsdal tingrett avsluttar behandlinga av konkursen i selskapet Nordmøre Taxi fordi det ikkje er igjen verdiar i selskapet.

    Nordmøre Taxi gjekk konkurs i september.

    Ifølgje tingretten er det ikkje pengar i konkursbuet til å dekkje advokathonorar og lønskrav, og deler av dette blir sendt over til lønsgarantifondet i NAV.

    Også underskotet på femti tusen kroner blir no dekt av det offentlege.

    Nordmøre Taxi blei oppretta for å skape meir konkurranse i drosjenæringa i Kristiansund, Averøy, og Tingvoll i mai 2021 og innstilte verksemda i september 2022.

  • – Tilnærma umogleg

    Fagdirektør i Helste Midt-Noreg Björn Gustafsson seier Norgestaxi Vest ikkje innfridde vilkåra i avtalen og at dei ikkje har henta pasientane i tide. Han vektlegg dette som noko av grunne til at dei har bestemt seg for å oppheve gjeldande avtale med selskapet om pasienttransporten på nordre Sunnmøre. Dei har inngått ein førebels avtale med Nordvest taxi.

    Regionsjef i Noregstaxi Vest, Hans Øksenvåg, seier at dei har jobba med å rekruttere lokale drosjeeigarar sidan dei fekk kontrakten i februar. Han seier at det har vist seg å vere tilnærma umogleg, då dei meiner det er ein sterk indre justis innan næringa om å ikkje samarbeide med andre enn Nordvest Taxi AS. I tillegg skal det vere lite tilgang på ledige sjåførar og det tek tid å rekruttere nye til yrket, vektlegg Øksenvåg.

    – Vi har brukt store ressursar på å levere i samsvar med krava og sett ei betydeleg forbetring den siste tida. Vi er lei oss for at helseføretaket likevel vel å avslutte avtalen, seier han.

    Norgestaxi
    Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix
  • Avsluttar kontrakt om pasientransport

    Helse Midt-Norge har bestemt seg for å oppheve gjeldande avtale om pasienttransport på nordre Sunnmøre med NorgesTaxi Vest AS. Det skriv Sunnmørsposten. Norgestaxi vann tilbodskonkurransen og overtok pasienttransporten 1. juni. Fram til ny kontrakt kjem på plass tar selskapet Nordvest taxi over, ifylgje avisa.

  • Byter leverandør av pasienttransport

    Det nystarta selskapet Pasienttransport1 har bedt Helse Midt-Noreg om å få trekke seg frå kontrakten om sjuketransport på Søre Sunnmøre. Det kjem fram i eit brev frå Helse Midt-Noreg, skriv Sunnmørsposten.

    Persontransport1 skulle køyre pasienttransport frå 1. juni men kom ikkje i drift. Fram til no har den tidlegare leverandøren køyrt. Herøy Taxi får pasienttransporten i to år, med opsjon for to nye år, opplyser dagleg leiar Per Morten Bjørlykke til avisa.

    Helse Midt-Noreg opplyser til NRK at Pasientransport1 også har trekt seg frå kontrakten på Nordmøre og i Romsdal. I dei områda er det Nordvest Taxi AS som tek over tenesta. Kontraktane som Pasienttransport1 opphavleg vann anbodet på hadde ein verdi på over 300 millionar kroner.

  • Har ikke brutt regelverket

    Helse Midt-Norge RHF har ikke brutt regelverket for offentlige anskaffelser. Det er konklusjonen til Klagenemda for offentlige anskaffelser. Det var Nordvest Taxi AS som klagde Helse Midt-Norge inn for å ha brutt regelverket.

    Helseregionen gjennomførte en åpen anbudskonkurranse for pasientreiser i Møre og Romsdal, og tildelte kontrakten til et selskap under stiftelse. Nordvest Taxi mente Helse Midt-Norge hadde brutt regelverket ved å ikke avvise vinneren av anbudskonkurransen, ettersom tilbudet ikke kunne anses bindende. Klagenemda har kommet frem til at den valgte leverandørs tilbud var bindende, og klagen til Nordvest Taxi AS nådde derfor ikke frem.