Hopp til innhold

Dramatiske følgjer av skred i Romsdalen

Steinskred frå fjellområdet "Mannen" i Romsdalen kjem til å gå over heile dalbotnen og demme opp elva Rauma.

Raumabanen ved Romsdalshorn

Det skredfarlege området 'Mannen'ligg inne i dalen til høgre i dette biletet. Romsdalshorn til venstre.

Foto: Leif Jonny Olestad

Dette er konklusjonen frå Norges Geologiske Undersøkelse, som har vurdert to moglege scenario.

To scenario

Til og med ved det minste scenariet blir dalbotnen fylt av stein, og det dannar seg ein demning som er 10 meter høg. Dette minste scenariet omfattar eit skred med inntil 3 millionar kubikkmeter steinmasse.

Det mest omfattande scenariet har 25 millionar kubikkmeter steinmasse, og kan føre til ein 20 meter høg demning, går det fram av rapporten frå NGU.

Gedigen innsjø

NGU har rekna ut at det kjem til å danne seg ein stor innsjø. Denne innsjøen vil strekke seg frå dalen under fjellpartiet "Mannen" og 7 kilometer opp dalen til Monge. Ved vassføring som middelflaum vil det ta vel eit døgn for oppfylling av det minste scenariet. For den største hendinga er heile innsjøen fylt med vatn innan tre døgn.

60 eigedomar under vatn

I følgje rapporten kjem 60 eigedomar til å hamne under vatn. 9 av desse eigedomane har fast busetjing. NVE skal også vurdere følgjene om dammen brest og fører til skade på eigedomane nedanfor dammen.

Les heile rapporten her

Enorme kostnader

Hovudfaartsåra mellom Møre og Romsdal og Austlandet, E136, kjem til å bli stengt om eit slikt ras går. Møreforsking har rekna ut at ei slik stenging får ein samfunnskostnad på 840.000,- kroner i døgnet. Transporten på Raumabanen er ikkje teken med i denne utrekninga. Ei gjenoppbygging av Raumabanen i skredsona er rekna ut til å koste 1,4 milliardar kroner etter det største scenarioet.

Oppdaga i 2008

Denne skredfaren blei oppdaga i 2008. Det er ikkje sett av pengar til overvaking. NVE har sendt dokumentasjon til Olje- og Energidepartementet for om mogleg å få inn ekstra midlar i revidert nasjonalbudsjett i 2009.

Etablering av skredovervaking er kostnadsrekna til 5 millionar kroner. Skredsenteret i Stranda kan bli ein aktuell samarbeidspartnar i samband med denne overvakinga.

Farleg fjell skal overvakast

Folkemøte om skredfare

NVE får ansvar for skredforebygging

Vil ha nasjonalt senter

10 millionar til skredovervaking

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL