- Må ha rasvarsling raskt

I Romsdalen kan seksti eigedomar hamne under vatn dersom det går eit steinskred frå fjellpartiet Mannen. Dei som bur i området opplever fjellet som trugande. No kjem det krav om overvakingsutstyr.

Video nsps_upload_2009_3_30_20_38_41_2058.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Torbjørn Rødstøl
Foto: Trond Vestre / NRK

Ordføraren i Rauma, Torbjørn Rødstøl frå Senterpartiet, meiner det hastar med å få på plass rassikring i Romsdalen.

I følgje ein rapport frå Norges Geologiske Undersøkelser vil eit steinskred frå fjellpartiet Mannen i Romsdalen få dramatiske følgjer.

Les også: Dramatiske følgjer av skred i Romsdalen

Fryktar ras

Folk må kjenne seg trygge på at det vil vere mogleg å varsle eit slikt ras, seier Rødstøl.

Romsdalen mot sør - Mannen innsirklet

Torbjørn Rødstøl vil ha på plass overvakingsutstyr på Mannen i Romsdalen

Foto: Norge i 3D

- Vi må prøve å få på plass varslingsutstyr så fort som mogleg oppe i fjellet. Slik at ein får godt varsel lang tid i førevegen om det skulle kome eit skred.

I følgje NGU vil eit steinskred fra fjellpartiet Mannen gå over heile dalbotnen og demme opp Rauma-vassdraget. I verste fall vert det ei oppdemningshøgd på 20 meter. Skredet vil skape ein innsjø som strekkjer seg sju kilometer opp i dalen. 60 eigedomar hamnar under vatn. Ni av desse har fast busetnad. Skredet vil også ramme all trafikk med bil og tog gjennom Romsdalen.

I Stranda kommune er eit slikt varslingssystem på plass. Åkneset i Stranda er høgrisikofjell som geologane følgjer nøye. Under rasøvinga Tyr i fjor haust, vart det sendt ut SMS-varsling til alle som heldt til i området.

Var klar da raset gikk

Krisekommunikasjonen må bli betre

Kommunene er beredt

Vil skaffe midlar

Torbjørn Rødstøl og Liv Signe Navarsete

Torbjørn Rødstøl ber Liv Signe Navarsete om pengar til rassikring

Foto: Trond Vestre / NRK

Under landsmøtet i Senterpartiet i Ålesund i helga vart partileiar og samferdsleminister, Liv Signe Navarsete, orientert om dei dramatiske konklusjonane i NGU-rapporten, og Raumaordføraren sitt ynskje om eit varslingssystem i fjellet.

- Eg har sagt til Torbjørn Rødstøl at må vi må ta med oss denne saka inn i regjering. Kommunen må lage ei sak og sende til NVE, og så må vi prøve å få på plass midlar til eit overvakingssystem, seier ho.

NVE får ansvar for skredforebygging

Navarsete trur det er realistisk å få på plass eit slikt varslingssystem.

- Det er ikkje snakk om så enorme summar at det er umogleg å få det på plass. Når vi ser på kva som kan gå tapt, både med infrastruktur og sjøvsagt også tryggleiken for bygdefolket, så er dette ei sak vi må prøve å finne ei god løysing på.

Torbjørn Rødstøl, vert skremd av det NGU har trekt fram i rapporten sin.

- Det er klart det er dramatisk når ein ser på så store fjellmasser som er i rørsle. Nettopp difor er det så viktig å få på plass utstyr slik ein får eit førevarsel om noko skal hende, seier Rødstøl.