Hopp til innhold

Ålesund stod stille for å minnast Anja

Studentar i Ålesund mintes Anja Weløy Aarseth med eitt minutts stillheit i dag. Også kollektivtrafikken stansa.

Stille minne

Studentar og tilsette ved Høgskulen i Ålesund heidra Anja Weløy Aarseth med eit stille minutt.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Onsdag for snart to veker sidan forsvann Anja Weløy Aarseth frå ein joggetur på byfjellet Aksla i Ålesund. Etter ein enorm leiteaksjon vart studenten funnen drepen like ved ein tursti tre dagar seinare. Ein 23 år gamal mann frå Ålesund har tilstått drapet. Saka rysta ikkje berre folk i Ålesund, men heile landet.

Anja Weløy Aarseth

Anja Weløy Aarseth vart drepen då ho var ute og jogga på Aksla.

Foto: Privat

Stille i eitt minutt

I dag heidra medstudentar Anja sitt minne med eitt minutts stillheit på Høgskulen i Ålesund.

– Det var deileg å kunne markere det slik. Heile saka har gått inn på alle i Ålesund og spesielt studentane, seier Pernille Harket Bakke.

Ho har brukt byfjellet Akla til trening nesten kvar dag og tenkjer mykje på det som skjedde.

Student Linn Ulstein meiner markeringa i dag var verdig.

– Eg kjem alltid til å tenkje på det som skjedde, seier Ulstein.

Stillhet minne Anja

I Ålesund sto bussane stille i eitt minutt torsdag til minne om Anja Weløy Aarseth.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Bussane stod stille

Også kollektivtrafikken stod stille i eitt minutt klokka 15.

På bussterminalen i Ålesund synest folk det var fint å kunne heidre 21-åringen.

– Det er bra at vi kan heidre denne stakkars jenta. Det var forferdeleg for Ålesund at dette skjedde. Håper at det aldri meir skjer, seier Cath Marø Farstad som sit og ventar på bussen.

Bisett i dag

I dag vert Anja Weløy Aarseth bisett i Storetveit kirke i Bergen. Kyrkja har plass til 600 personar.

Familien ynskjer ikkje at media skulle vere til stades. Dei er i djup sorg, som bistandadvokat Einar Råen beskriv som sjokkprega.

Ulstein Bakke

Linn Ulstein (t.v.) og Pernille Harket Bakke går på høgskolen i Ålesund der også Anja Weløy Aarseth gjekk. I dag var dei med på å heidre medstudenten som blei drepen på Aksla.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK