Hopp til innhold

Ein omkom etter kollisjon i Volda

Ein person omkom etter kollisjon mellom ein buss og ein varebil i Volda sentrum. Politiet etterforskar saka.

Ulykke i Volda

Ein buss og ein varebil kolliderte i sentrum av Volda. Personen var fastklemt.

Foto: Rasmus Lie

Politiet fekk melding om kollisjonen mellom ein buss og ein varebil i Elvegata i Volda klokka 10.22. Personen i varebilen var fastklemt. Ifylgje politiet var det også tilløp til brann.

Klokka 13.10 varsla politiet at personen i varebilen er stadfesta død på sjukehuset. Dei pårørande er varsla.

– Vi vil ikkje spekulere i kva som har skjedd og ventar på kriminalteknikarar, seier operasjonsleiar Sindre Molnes ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Det var tidleg klart at personen var alvorleg skadd.

– Det er truleg snakk om store personskadar, sa Molnes til NRK like etter ulykka.

Ulykke i Volda

Det var fem personar i bussen. Passasjerane kom uskadd frå hendinga, men bussjåføren har smerter i ein arm.

Foto: Steinar Høydal

Det var ein person i varebilen då ulykka skjedde og totalt fem personar i bussen. Ingen av busspassasjerane vart skadde, men sjåføren blei frakta til sjukehus med smerter i ein arm.

Politiet er no i gang med å avhøyre vitne.

Både kriminalteknikarar og Statens ulykkesgruppe er på staden og gjer tekniske og taktiske undersøkingar.

Ulykka skjedde i Elvegata på E39 i Volda

– Det er opplyst at det var god sikt på staden, men litt regn og våt vegbane, seier etterforskingsleiar Sunniva Dybvik. Det er enno for tidleg å seie noko om årsaka til ulykka.

Klokka 15:45: Vegen er no opna igjen etter trafikkulykka. Politiet seier at dei er ferdig på ulykkesstaden og at saka vil bli etterforska vidare.

Fleire ulykker i fylket i dag

I Møre og Romsdal har det vore fleire bilulykker i dag. I Haram kolliderte ein lastebil med ein personbil, like ved Remmetunnelane. Føraren av lastebilen skal ha fått skadar i ryggen, medan dei to andre som var involvert i ulykka skal vere uskadde.

På Ørskog i Sjøholt var to bilar involvert i ein kollisjon. Eine føraren vart sendt til sjukehus, og andre til legevakt. Politiet melder at det var glatt på staden, og eine bilen skal ha hatt sommardekk.

Også i Tomrefjorden i Vestnes vart ein person påkøyrd av ein bil, vedkommande skal ha lettare skader. Og også i Molde køyrde ein bil av vegen ved Kleive. Føraren skal vere uskadd, opplyser politiet.

På fylkesveg 656 på Glomset i Skodje er det like før klokka 17.00 meldt om store problem med trafikken på staden. All trafikk er stengt og fleire vogntog står fast på vegen.

Ein anna bil køyrde av vegen ved Emblem i Ålesund, der skal det ikkje vere snakk om personskade melder politiet.