Omfattande sikringstiltak
- Dersom møtet mellom Sharon og Bondevik blir i Molde, seier det seg sjølv at sikringsopplegget må bli omfattande, seier Ødegård. Han stadfestar at mange polititenestemenn vil få inndrege ferie i samband med eit eventuelt besøk. Han kan ikkje kommentere detaljar i planlegginga, men det er kort tid til Israels statsminister kjem til Noreg, så førebuingane må starte no.
Ariel Sharon (Foto: Scanpix/AP)
Jazzfestivalen ikkje problem
Statsbesøket skjer 16. juli - midt under jazzfestivalen. Likevel seier Ødegård at programmet som er skissert for eit eventuelt Molde-besøk er slik at sjølv om byen er full av festivaldeltakarar så er ikkje det eit problem for sikkerheitsopplegget. Demonstrasjonar er varsla, så det tek politiet høgde for i opplegget sitt, seier Ødegård.
Enno ikkje stadfesta
Ole Ødegård strekar likevel under at Utanriksdepartementet enno ikkje har stadfesta at Molde vert møtestad når den israelske statsministeren Ariel Sharon og Kjell Magne Bondevik møtest 16. juli.