Sensitiv informasjon
Når pasientane ligg i korridorar og på tremannsrom kan andre pasientar og tilfeldig forbipasserande oppfatte sensitiv informasjon som dei ikkje skulle hatt tilgang til.
Det er ofte trangt på sjukehusa.
11 pasientar tett i tett ute på gangen. Slik har situasjonen vore på det verste ved enkelte avdelingar i sommar. Ved sjukehusa er dermed sjansane store for at folk snappar opp sensitiv informasjon frå nabosenga.
–Dagleg brot
Dette er informasjon dei absolutt ikkje skulle hatt tilgang til. Avdelingssjef Odd Roe Skogen ved Sjukehuset i Ålesund meiner brota på teieplikt-reglane er eit alvorleg problem.
Odd Roe Skogen.
–Eg trur faktisk at eg er nødd til å seie at dei blir brotne kvar dag. Kor alvorleg dette brotet er kan diskuterast, men skal ein sjå på det reint prinsipielt, trur eg det er rett å seie at det blir brote dagleg.
–Praktisk umogleg
Pasientane kunne vore tekne inn på andre rom når viktige samtalar skal gjennomførast, men tilgangen på slike rom er avgrensa og talet på pasientar er høgt.
–Dersom dei då skal ha ein dagleg samtale med lege så vil det nærast vere praktisk umogleg å få til, seier Skogen.
Avdelingssjefen seier han er uroa over situasjonen.
–Men dette er ein situasjon vi har levd med over så vidt lang tid at uroa forvinn etter kvart, dessverre. Vi sløvest og kjem inn i rutiner som ikkje alltid er gode nok i forhold til teieplikt.
Få klagar
Likevel er det ikkje ofte sjukehuset får klagar på dette frå pasientar.
–Kanskje sjeldnare enn det burde vere, seier Odd Roe Skogen.