Hopp til innhold

Brot i forhandlingane om legevakt

Sykkylven legeteneste braut i onsdag kveld forhandlingane med Sykkylven kommune om økonomisk oppgjer for organisert daglegevakt.

Sykkylven kommune

Sykkylven legeteneste braut i onsdag kveld forhandlingane med Sykkylven kommune om økonomisk oppgjer for organisert daglegevakt.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Ordførar Odd Jostein Drotninghaug seier at avstanden mellom krav og tilbod var for stor.

Kommunen kunne ikkje imøtekome eit krav som inneber ein kostnad for kommunen som ligg vesentleg over det andre samanliknbare kommunar betalar for same teneste.

Må få på plass ei ordning frå nyttår

Dette brotet gir ikkje umiddelbare endringar i legevaktordninga då noverande avtale gjeld fram til nyttår, skriv kommunen i ei pressemelding.

Men frå nyttår må kommunen ha på plass ei ny ordning, skriv ordførar Odd Jostein Drotninghaug.

– Brotet påverkar heller ikkje fastlegeordninga og dei lov – og avtalefesta pliktar fastlegane har til å yte akuttmedisinsk hjelp til befolkninga.

Kommunen skriv vidare at rådmannen umiddelbart vil sette i gang med arbeidet om å få på plass ei ny legevaktordning som er i samsvar med det lovverket som gjeld.

Ordføraren opplyser at kommunen vil orientere publikum fortløpande om dei ordningane som vert etablert for å sikre befolkninga ei trygg akuttmedisinsk teneste etter 01.01.16.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL