Hopp til innhold

Åtvarar mot narkosal på sosiale medium: – Barn ned i 12-årsalderen er mottakarar

Politiet fortvilar over sal av ecstasy blant barn i sosiale medium. Dei seier det er ein aukande trend.

Ecstasy-tabletter som kriminaltekniker Kurt Kim Stige holder for Alf Christian Aarseth Grøtteland, avsnittsleder i Møre og Romsdal Politidistrikt

TOK DETTE BESLAGET: Dette er beslag politiet har gjort gjennom éi sak den siste tiden. Det er fleire tusen tablettar i denne posen.

Foto: Alf Christian Aarseth / Politiet

– Vi ser veldig alvorleg på det, seier avsnittsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Alf Christian Aarseth Grøtteland.

Onsdag gjekk politiet ut med fleire bilete av beslag som er gjort den siste tida i Møre og Romsdal.

Kjøparar av stoffet har vore nede i 12-13-årsalderen.

– Det er ein trend vi har sett. Det er noko vi legg meir og meir merke til, seier Aarseth Grøtteland.

Tilfella har de sett fleire stader i landet, seier han.

Stoff beslaglagt av politiet i Møre og Romsdal

«THE PUNISHER»: Denne tabletten har politiet åtvara mot før. Dette er ein av tablettane som har blitt beslaglagt den siste tida.

Foto: Politiets nettpatrulje Møre og Romsdal

Går føre seg på sosiale medium

Han opplyser at også seljarar er under 18 år. Ecstasy og amfetamin er det går mest av.

Grøtteland seier at sjølve informasjonen om sal kjem hurtigare ut og treffer fleire personar fordi sosiale medium blir hyppigare brukt.

– I løpet av eit sekund har ein kanskje nådd 50 stykker i motsetning til før då det var ansikt til ansikt relasjon.

Politiet har tidlegare åtvara om at «The punisher»-ecstasy er ekstremt farleg.

– Effekten er avhengig av alt frå sinnsstemning, omgivnader, forventningar og storleiken på dosen. Verknaden av det same stoffet kan variere frå person til person, og frå éin rusepisode til ein annan, skriv Politiets nettpatrulje på Facebook .

Alf-Christian Aarseth Grøtteland

Alf Christian Grøtteland, avsnittsleiar i politiet i Møre og Romsdal, seier foreldre bør vere på hogget.

Foto: Frode Berg / NRK

– Foreldre bør vere på hogget

Grøtteland seier at Snapchat og Messenger er kanskje dei vanlegaste plattformene som blir brukte til slike sal.

– Foreldra er dei som bør vere mest på hogget for å følgje med på kva barn og unge har av samtalar og dialogar på sosiale medium, seier Aarseth Grøtteland.

Politiet har òg teke beslag av fargerike tablettar slik som dette.

FLEIRE TABLETTAR: Politiet i Møre og Romsdal har lagt ut fleire bilete av fargerike tablettar som har blitt tatt i beslag den siste tida.

Foto: Politiet i Møre og Romsdal