Hopp til innhold

Brannen er sløkt og naboane kan flytte heim

Om lag klokka 05 i natt kunne brannmannskapa endeleg avslutte sløkkearbeidet ved eit gjenvinningsanlegg på Husøya i Frei.

Brann i gjenvinningsanleg på Husøya

Kraftig røyk gjorde at naboane til gjenvinningsanlegget blei evakuerte.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Brannen blei varsla mellom klokka 20 og 20.30 i går kveld. I natt blei gravemaskin sett inn i arbeidet med snu massane, slik at brannvesenet skulle komme betre til.

Minst 14 naboar blei evakuerte i går kveld, men dei kan flytte heim i morgontimane. Dei blei evakuerte i 20.30-tida, mellom anna på grunn av mykje røyk. Dei måtte vere på hotell i natt.

Staden er framleis avsperra og politiet etterforskar brannen.

Det er Vartdal gjenvinning som eig bygningen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL