Hopp til innhold

14 evakuert etter brann – får ikkje flytte heim i kveld

Bebuarane på Husøya i Kristiansund blei onsdag kveld evakuert på grunn av fare for giftig røyk frå ein brann i eit gjenvinningsanlegg. Dei evakuerte får ikkje flytte heim i kveld.

Brann i gjenvinningsanleg på Husøya

Det var i 20.15-tida onsdag at alle naudetatane rykte ut til ein brann på Husøya i Frei.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Klokka 00.50 er brannen enno ikkje sløkt, det melder politiet. Både brannvesen og politi jobbar framleis på staden.

Det var like etter klokka 20.15 at alle naudetatar rykte ut til ein brann ved eit gjenvinningsanlegg på Husøya i Frei.

Brann i gjenvinningsannlegg Frei

Brannen førte til mykje røyk.

Foto: Roar Halten / NRK

Røyken spreidde seg fort, men brannvesenet kom raskt i gang med sløkkingsarbeidet. I 22.00-tida onsdag kan brannvesenet melde at dei har kontroll på brannen.

– Vi har kontroll, men brannen er ikkje sløkt. Vi skal no kontrollere om konstruksjonen er trygg nok til at vi kan køyre inn med ei gravemaskin og røre litt rundt i materialet som brenn, seier Åge Henriksen, operasjonsleiar i 110-sentralen i Møre og Romsdal.

Det er så langt uklart kva det er slags materiale som brenn. Delen av bygninga som brenn blir leigd av Norsk gjenvinning.

Henriksen fortel vidare at sløkkingsarbeidet truleg vil fortsette i fleire timar framover.

– Det vil nok ta lang tid før brannen er heilt sløkt, seier han.

14 evakuerte

Allereie klokka 20.30 sette politiet i gang å evakuere bebuarane på Husøya på grunn av fare for giftig røyk.

Brann i gjennvinningsannlegg

Alle naudetatane er på staden.

Foto: Roar Halten / NRK

– Det er snakk om nokre få bustadar som er direkte råka, totalt 14 personar har blitt evakuert frå heimane sine. Det er såpass mykje røyk i området at vi har valt å ta forholdsreglar for dei som bur i nærleiken, seier Styrkar Gagnat, operasjonsleiar i politiet.

Politiet kan så langt ikkje seie noko om årsaka til brannen, eller kva som skal ha skjedd. Politiet jobbar framleis på staden og vil truleg bli der i fleire timar framover, seier Gagnat til NRK i 22.00-tida onsdag. Det skal ikkje vere fare for at brannen eller røyken frå brannen skal spreie seg vidare.

Overnattar på hotell

Erling Brevik og familien var blant dei som blei evakuert onsdag kveld.

– Vi blei evakuert umiddelbart når ein såg alvoret i brannen. Vi opplevde situasjonen som udramatisk, men det var sikkert meir dramatisk for barna som låg og sov og måtte vekkast. Det er sjølvsagt skummelt at noko slikt kan skje midt i eit bustadområde. Vi veit ikkje kva det er som brenn, eller kor farleg det er, seier han.

Mange av dei evakuerte er no innkvartert på eit hotell i Kristiansund for natta, andre overnattar hos vener eller familie.

– Ja, vi blir her på hotellet i natt. Røyken ligg tett over bustadane, så det blir ikkje aktuelt å reise heim i kveld, seier Breivik.

Han veit ikkje når dei kan returnere til heimane sine.

Gjenvinningsanlegget Franzefoss på Husøya har tidlegare blitt møtt med sterke reaksjonar frå naboar. Det er Vartdal gjenvinning som eig bygninga som brenn onsdag kveld, men bygninga blir no leigd av Norsk Gjenvinning. Det er også dei som har driftsansvaret på bygninga.

Brann i gjenvinningsannlegg Husøya

Røyken frå anlegget kan sjåast langt unna.

Foto: Roar Halten / NRK
Brann i gjenvinningsanlegg