Hopp til innhold
Brann Vanylven
Foto: Tanja Anett Thunem / Synste Møre

Brann i Vanylven

Oppsummert

Ein bustad blei totalskadd i ein brann i Vanylven fredag 14. august. Ingen personar blei skadd i brannen.

  • Uklar brannårsak

    Det er for tidleg å seie noko om kva som var årsaka til brannen i Vanylven fredag morgon. Det seier Arild Reite, operasjonsleiar i politiet til NRK. – Det vil bli sendt kriminalteknikarar til staden, men det er så langt uklart om branntomta blir kald nok til at det er mogleg å gjere undersøkingar der i dag, seier Reite. Bustaden skal ha blitt totalskadd i brannen.

  • Brann i bustad i Vanylven

    Mannskap frå brannvesenet på Fiskå og Syvde rykte like etter klokka 06.00 ut på ein bustadbrann på Tunheim på Fiskå. Ifølge brannvesenet skal alle vere ute av huset. Brannvesenet fekk sløkt brannen like før klokka 07.00. – Det var ein nabo som melde frå om brannen og lokalt brannmannskap kom raskt til staden og fekk starta sløkkearbeidet. Huset er totalskadd, men det er så langt ikkje meldt om personskadar. Brannvesenet jobbar no med ettersløkking på staden, seier Petter Aksel Kirkebø, operasjonsleiar ved 110-sentralen i Møre og Romsdal.