Brannen skal ifølge politiet ha starta i ein komfyr i eit bustadhus på Ellingsøya i Ålesund i 11-tida. Alle naudetatane rykte ut til staden.
Ein person frakta til lege
Ein person fekk i seg røyk, og er frakta til lege for kontroll.
Politiet melder om at det på eit tidspunkt var opne flammar frå huset, med stor røykutvikling. Fleire nabohus vart evakuerte.
Røykdykkarar har vore i arbeid i 2. etasje av huset for å finne utgangspunktet for brannen. Det er store skader på bustadhuset.
Klokka 1420 melder politiet at brannen er sløkt, og at dei som er evakuerte frå nabohusa kan flytte tilbake.