– Det var vind då brannen utvikla seg og det blei ein litt hektisk situasjon, men brannvesenet var raskt på staden og fekk kontroll, seier Jan Oddbjørn Kolmann Johnsen i politiet.
Brannvesenet klarte å hindre at brannen spreidde seg og rundt klokka 11.30 hadde dei kontroll på brannen.
Eigedommen der brannen starta vart totalskadd.
Fare for spreiing
Det var like etter klokka 10.10 at politiet først melde om ein brann i ein bustad på Sunndalsøra.
Klokka 10.20 var brannvesenet framme på staden. Dei starta raskt sløkkingsarbeidet og fekk også hjelp av brannvernet til Hydro Sunndal.
– Det er full fyr i ein bustad og ei garasje. Det er ein del vind i området så det er stor fare for spreiing, sa Jon Rune Lillebø, i 110-sentralen i Møre og Romsdal til NRK då.
Det skal ikkje ha vore personar inne i bustaden. Også naboen sin garasje er skada av brannen.
– Alle er ute av bustaden og vi har så langt ikkje fått melding om at nokon skal vere skadd, sa Sindre Molnes, operasjonsleiar i politiet til NRK i 10.00-tida.
Naboar blei evakuert
Klokka 10.40 starta naudetatane med å evakuere nærliggande hus.
Om lag ein time seinare opplyser politiet at brannvesenet har kontroll på brannen.