Hopp til innhold

«Orre min skapars glede! Han Oddvar Brå va knapt fødde når disse skia va produsert!»

Kjell «Kjellen» Bigset slår til igjen. Påske-videoen som komikar Thomas Ryste frå Ørsta laga torsdag, er blitt ein klikkvinnar.

Frå torsdag kveld til fredag ettermiddag hadde 32 562 sett videoen på Youtube.

– Eg trur det er fleire som har sett den, for systemet låser seg fordi det er så mange som skal sjå, seier Thomas Ryste til NRK.

Impuls

Og historia om Kjellen som tek påske vart til på impuls torsdag.

– Vi er eit team på fire. Broren min er ein av dei, Hans-Vegard Ryste. Han er naboen min, og har ein låve. Denne låven ligg mellom husa våre. I går bad han meg komme bort i låven for å lage ein påskefilm. «Hiv på deg kostyma og kom bort i løda, sa han.»

Dermed vart Kjellen tek påske til. Med rein improvisasjon som alt anna Kjellen gjer.

– Det er det som er så kjekt med Kjellen. Vi tar det som det blir der og då. Vi har ein plan, og så improviserer eg, forklarar Ryste.

Kjell «Kjellen» Bigset

«Kjellen» er blitt varemerket til komikar Thomas Ryste frå Ørsta. Her går han laus med motorsag for å finne skia på låven.

Foto: skjermdump / YouTube

I toppsjiktet

Av responsen på sosiale medium, trur Ryste den nye videoen vil bli ein av dei med mest treff.

I filmen finn Kjellen mellom anna fram velbrukte ski, og ein noko spesiell beremeis frå gamledagar.

– Det var berre noko som låg i vegen. Eg trur det er noko du heng på ein spark, og så kan du sitje oppi. Men eg trur ikkje du bør vege meir enn seks kilo, seier Ryste.

Kvikklunsje e på plass, å ei ørlita appelsine berre for å smøre adamseplet.

Kjell Kjellen Bigset

Gjerrig

Kjellen brukar også småspikar i staden for fellar i filmen.

– Han er relativt gjerrig, så småspikar fungerer fint i staden for å kjøpe dyre fellar på sportsbutikk.

I påska skal Thomas Ryste til Nordsjøen for å underhalde på tre forskjellige plattformer på tre dagar.

– Det gjorde eg også førre påske, og så blir det vel ein skitur med spikar under skia.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL