Hopp til innhold

Bourbon-høyringa held fram

- Eg såg at ytre babord styrepinne gjekk opp. Min tanke var: Dei har vel ikkje tenkt å gjere det der.  Det sa Egil Atle Hafsås under høyringa etter Bourbon Dolphin-havariet i dag.

 

Høyring Bourbon Dolphin

Matros på Bourbon Dolphin, Egil Atle Hafsås, ståande i midten.

Foto: Terje Reite

På dette tidspunktet hadde Bourbon Dolphin ei klar kontinuerleg krenging mot babord.  Hafsås frykta at flytting av kjettingen skulle forsterke krenginga.  Sjøen slo inn over dekk. - Men ikkje meir enn det av og til brukar å vere, når sjøen står på bakfrå, sa Hafsås.

Dramatisk forverring

Brått blei styrepinnen som heldt kjettingen nærare senterlinja på båten teken ned.  - Kjettingen slo mot babord styrepinne, og situasjonen blei dramatisk forverra, sa Hafsås. - Det vart ein alvorleg smell i båten. Umiddelbart fekk Dolphin ein ekstra "sikk" mot babord, ho la seg meir mot babord.

Henta redningsvest

- Då dette skjedde tenkte eg: No skal eg jammen hente arbeidsvesten.  Eg gjekk framover, og båten gjekk endå meir mot babord. Eg kom fram til kassa med redningsvesten. Der møtte eg dei to lærlingane, som også fekk på seg redningsvestar.  I sidesynet såg eg fleire kome ut frå messa. Derifrå gjekk det veldig fort. Eg høyrde Per Jan Vike rope: "Kva skjer – kvifor slakkar dei ikkje ut?" Det var eit  forferdeleg bråk. Det skreik frå vinsjane. Ting rausa på dekk.  Sjøen slo inn på dekk.  Vi kom oss på skutesida.  Då eg var komen nesten fram på baugen sklei eg i sjøen, fortalde Hafsås.

Spent stemning på brua

I forkant av dette var Hafsås ein tur på brua. - Eg følte atmosfæra der. Det var litt spesielt. Kapteinen og styrmannen var rolege.  Men der var ei stressa stemning på brua. Eg var der berre eit minutt eller så, for eg skjønte at eg ikkje burde forstyrre.

Møte

Også Hafsås fekk ei rekkje spørsmål om rutinar, og møteverksemd og korleis arbeidet blei organisert.  Spørsmåla handla i stor grad om rutinar kring vurdering av risiko.

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL