Blir valt som ordførar 24. oktober

Kommunestyret i Nye Ålesund kommune skal ha sitt konstituerande møte 24. oktober. Då blir det valt både ordførar og varaordførar. Det er kjent at dette blir Eva Vinje Aurdal (Ap) og Vebjørn Krogsæter (Sp). Andre punkt i møtet er kommunevåpen og vidare arbeid med ordførarkjede. Nye Ålesund kommune er frå 2020 eit resultat av samanslåinga av kommunane Ålesund, Haram, Skodje, Ørskog og Sandøy.

Eva Vinje Aurdal
Foto: Trond Vestre / NRK