Hopp til innhold

Utbrytarar sørga for eigedomsskatt i Sykkylven

Utbrytarar frå Frp og Venstre sørgar for at hus og hytteeigarar i Sykkylven må betale eigedomsskatt neste år.

Kommunestyremøte i Sykkylven

Sjå tv-saka: Det blir eigedomsskatt i Sykkylven frå neste år. Det blei bestemt på kommunestyremøtet måndag med 15 mot 14 stemmer.

Vedtaket i kommunestyret blei gjort med knappast mogleg fleirtal med 15 mot 14 stemmer. I enkelte politiske krinsar er eigedomsskatt eit fy-ord, og eit fleirtal i formannskapet i Sykkylven sa nyleg nei til rådmannen sitt forslag om å innføre eigedomsskatt på bustader og fritidshus.

Men hardnakka motstandarar snudde og sørga for fleirtal for eigedomsskatt i Sykkylven kommune.

Utbrytar

John Kenneth Brenne (V), kommunestyremedlem Sykkylven

John Kenneth Brenne (V) stemte mot sitt eige parti under kommunestyremøtet.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Vedtaket vart gjort med stemmer frå Ap, SV, KrF og Sp og to utbrytarar frå Venstre og Frp. Eigedomsskatten vil gi kommunen årlege nettoinntekter på om lag 7,7 millionar kroner.

Kommunen er prega av svært dårleg økonomi, og har om lag 50 millionar kroner i underskot. Det har ført til at dei no er på Robek-lista til fylkesmannen.

Ein av utbrytarane, John Kenneth Brenne i Venstre, meiner at han er plikta til å levere eit budsjett han syns det er hald i.

– Som politikar er eg plikta til å levere frå meg eit budsjett eg kan stå inne for. Vi må og vere sikre på at vi klarer å drifte kommunen vidare utan fleire økonomiske overskridingar, seier Brenne.

Sikrar dagsenteret

Sykkylven er den 24. kommunen som innfører eigedomsskatt. Den sikrar blant anna vidare drift av dagsenteret for eldre. Sju leilegheiter ved omsorgssenteret i Sykkylven er stengde som resultat av sviktande økonomi, og ved dagsenteret har dei lenge frykta for kroken på døra.

– Eg håper at vi får halde fram med å vere her, seier 98-åringen Berta Støylen.

Rådmann i kommunen, May-Helen Molvær Grimstad, fortel at skatten heldigvis gjer at dagsenteret kan halde fram med tilbodet sitt fem dagar i veka.

Kommunestyremøte i Sykkylven om eigedomsskatt

Blant anna Venstre var splitta. John Kenneth Brenne valte å stemme mot sitt eige parti.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL