Hopp til innhold

I dag kan bokbåten bli Årets Bibliotek 2013

Årets Bibliotek er den gjævaste prisen eit norsk bibliotek kan få. 50-årsjubilanten EPOS er ein av dei nominerte.

Bokbåten Epos

Bokbåten EPOS når ut til leselystne i tre kystfylke.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland samarbeider om å drive bokbåten, og om lag 160 plassar får besøk av det flytande biblioteket to gonger i året.

– Bokbåten har bøker og kulturprogram hovudsakleg for born. Ofte så kjem skuleklassar og barnehagar om bord og har store opplevinga, men også at ein får råd og rettleiing av bibliotekarar som er om bord. Så dei kjem ut til folk der folk er, og spesielt der det ikkje er bibliotektilbod elles, seier Ellen Molvær som fylkesbiblioteksjef i Møre og Romsdal.

EPOS fekk prisen for 2012, men Molvær meiner det unike bibliotekstilbodet fortener prisen også for 2013.

– Vi er spente. Vi skal vere til stades frå alle dei tre fylkesbiblioteka. Vi synest sjølvsagt at bokbåten fortener prisen for 2013 – i det året bokbåten fyller 50 år, seier ho.

EPOS er nominert i lag med Time Bibliotek og Nesodden Bibliotek. Årets bibliotek vert delt ut av Norsk Bibliotekforening.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL