Hopp til innhold

Krimforfattar skyt skarpt mot nedlegging av landets einaste bokbåt

Den vesle bokbåten Epos har vitja små og store bygder på Vestlandet sidan 1963. No haglar kritikken mot politikarane som legg det unike tilbodet ned. – Skammeleg skandale, meiner Gunnar Staalesen.

Bokbåten Epos

UTKANTTILBOD: Bokbåten Epos har i 61 år vore bibliotek og kulturarena for små samfunn langs fjordar og øyar på Vestlandet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

«Etter 61 års tjeneste langs kysten ble den ikoniske, folkekjære og verdensberømte Bokbåten på Vestlandet nedlagt. For en skam!»

Det skriv forfattaren Stig Holmås på Facebook-veggen sin i kveld. Han har kanskje vore den mest ihuga forkjemparen for å oppretthalda dette unike kulturtilbodet.

– Bokbåten er eit flytande kulturhus, uerstatteleg for tusenvis av born i typiske utkantbygder utan godt bibliotekstilbod. Den har høge utlåns- og besøkstal. Og den er super noregsreklame.

Heller ikkje krimforfattar Gunnar Staalesen er nådig.

– Dette er tragisk. Bokbåten er ein vestnorsk spesialitet som vekker oppsikt over heile verda.

Gunnar Staalesen Gunnar Staalesen

– SKANDALE: Krimforfattar Gunnar Staalesen slaktar nedlegginga av bokbåten Epos.

Foto: Helge Skodvin / Helge Skodvin

Å legga den ned er ein kulturpolitisk skandale, elendig distriktspolitikk og dårleg barnepolitikk. Det reiser eit skammens flagg over politikarane og partia som vedtok dette.

Epos gjekk i fleire tiår rundt til bygdene i tre vestlandsfylke, men har lenge segla i hard sjø og motvind. Ei rekke gonger har tilbodet vore vurdert nedlagt, men sterk mobilisering har redda den frå å gå heilt i opplag.

Pressa økonomi

Sogn og Fjordane fylkeskommune avslutta tilbodet i 2015, Møre og Romsdal i fjor. Våren 2020 skulle bokbåten etter planen vitja 51 plassar i tidlegare Hordaland og éin plass i tidlegare Sogn og Fjordane i løpet av 23 dagar. Men på grunn av korona-pandemien vart turen avslutta 12. mars.

Etter fylkessamanslåinga 1. januar i år har både koronakrisa og tidlegare investeringar medverka til at økonomien i Vestand fylkeskommune er svært vanskeleg.

På dagens fylkesting vedtok fleirtalspartia Ap, SV, Sp, KrF, V og MDG å omsider gje Epos det siste skotet for baugen. Høgre støtta fleirtalet.

Bokbåt Epos

FLYTANDE BOKHEIM: Mange born og vaksne har opplevd litteratur mellom hyllene i bokbåten.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

– For dyrt

Fylkesrådmann Rune Haugsdal argumenterte før dagens fylkestingsmøte for nedlegging:

«Å oppretthalde bokbåten inneber kjøp av ei teneste som aukar bokbåten sitt geografiske verkeområde til å dekke heile Vestland, har universell tilgjenge, og låg- og utsleppsfrie løysingar. Det er fylkesrådmannen si vurdering at det innanfor gjeldande rammer ikkje er rom for å vidareføre tenesta med slike krav utan at ein reduserer løyvingane til andre bibliotekføremål.»

Han viser til at drift av bokbåten i heile Vestland fylke truleg ville gi ein årleg kostnad på kr 2,350 mill.

«Andre kostnader, som følgje av nye miljøkrav og universell tilrettelegging, kjem i tillegg.»

Frp: – Trist

Terje Søviknes (Frp) meiner fleirtalspartia bryt sin eigen politiske plattform frå 13. september 2019 når dei legg ned bokbåten. Han kommenterer vedtaket slik:

«En trist dag for barn, unge og voksne i kulturfylket Vestland... Ikke mye distriktsprofil på Sp i Vestland! Noen velgere der ute som føler seg ført bak lyset i dag??? Kun FrP, Rødt og FNB stemte for å beholde dette unike litteratur- og kulturtilbudet langs kysten.»

Sp forsvarer nedlegginga

Gruppeleiar for Vestland Senterparti, Aleksander Øren Heen, meiner det ville vera feil å vidareføra eit bokbåttilbod som ikkje kunne dekka heile fylket.

– Me gjer dette for å styrka den viktigaste distriktssatsinga når det gjeld bibliotek, nemleg ei transportstøtteordning for å få bøker og litteratur rundt i heile Vestland. Så det er jo ei satsing på distrikta også, vil eg seia.

– Bokformidling og å fremja leselyst er det viktige her. Det er jo kjekt med ein bokbåt, men me må innsjå at tida for å frakta bøker rundt med båt nok er forbi, meiner Heen.

Aleksander Øren Heen

FORSVARER: Aleksander Øren Heen i Vestland Senterparti meiner nedlegging av bokbåten er god distriktssatsing.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Flaut og tanketomt

Senterpartipolitikar Silje Namtvedt er medlem i aksjonsgruppa for Epos.

– For ni månadar sidan skreiv dei seks partia i fleirtalskoallisjonen at dei ville vidareutvikla bokbåttilbodet til heile fylket. Når dei no legg båten ned, er eg veldig flau på vegner av Senterpartiet og dei andre partia.

Forfattar Henning H. Bergsvåg skreiv tysdag kveld at han allereie hadde meldt seg ut av SV i protest mot det ferske vedtaket.

«Det er så tanketomt og mot alle de prinsipper jeg tror på at jeg knapt kan tro det. Mens byene flommer over av kulturtilbud og dyre kulturhus skal altså ikke barn i distriktene få beholde denne båten. Håper virkelig at det kommer en alternativ løsning på andre siden av disse skamløse politikerne. Og ja, jeg har sendt en mail og meldt meg ut av partiet.»

– Vestlandet blir litt mindre vestlandsk, meiner BT-kommentator Jens Kihl.