Trur det er tverrpolitisk vilje til å berge 50-årsjubilanten Epos - nok ein gong

I snart 50 år har bokbåten Epos forsynt små bygder og øysamfunn med leselyst. No vil fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane leggje ned bokbåten, men politikarane seier truleg nok ein gong nei.

Bokbåten Epos på veg til kai i Måren

BLIR TRULEG BERGA: Alt tyder på at det er tverrpolitisk semje om å berge bokbåten Epos frå nedleggjing, nok ein gong.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane har ei rekkje gonger fremja forslag om å fjerne den flytande kulturinstitusjonen frå budsjetta. Båten trafikkerer vestlandsfylka fullasta med bøker, men frå neste år kan det altså vere slutt.

Trude Brosvik

POSITIV: Trude Brosvik (Krf).

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Eg tykkjer det er veldig trist. I eit år der Epos for det første har 50-årsjubileum, og der regjeringa legg fram kulturløftet der dei omtalar bibliotektenesta som sjølve grunnmuren i kulturen, så blir det heilt feil å leggje ned eit slikt tilbod, seier fylkespolitikar Trude Brosvik frå Krf, til NRK.no.

Sparar 900.000 på kutt

Men i tilrådinga til kulturutvalet var ikkje fylkesrådmannen like positiv. Han synte til evalueringsrapporten som er lagt fram om bokbåt-tenesta der ein går inn for å verne Epos dei neste fem åra.

Trass dette vil fylkesrådmannen kutte båttilbodet, og dermed spare 900.000 kroner i fylkesbudsjettet.

– Fylkesrådmannen si vurdering er at bokbåttenesta vert avvikla frå og med 2014. Boksamlinga som er kjøpt inn til båten kan fordelast på dei kommunane som nyttar tenesta. Dette vil også ta bort behovet for husleige for boksamlinga, heiter det i fylkesrådmannen si utgreiing.

Fylkesrådmannen har orientert sine kolleger i Hordaland og Møre og Romsdal om si tilråding i saka.

Trur det er politisk vilje

Som ordførar i Gulen i ei årrekkje opplevde Trude Brosvik bokbåten som ei viktig teneste i den spreiddbygde kommunen, der ikkje minst små øysamfunn kan glede seg over besøk frå Epos.

No trur ho fylkespolitikarane nok ein gong vil berge båten frå nedleggjing, sjølv om det då må kuttast i fylkesbudsjettet på andre område.

Så blir det ei utfordring i salderinga av budsjettet å finne dei driftsmidlane. Men det er ei tverrpolitisk vilje i kulturutvalet å få dette til

Trude Brosvik, Krf

– No har eit samla kulturutval sagt at dei har ein intensjon om å få til ei vidare drift av bokbåten vidare. Så blir det ei utfordring i salderinga av budsjettet å finne dei driftsmidlane. Men det er ei tverrpolitisk vilje i kulturutvalet å få dette til, sler Brosvik fast.

– Veldig eksotisk tilbod

Ho legg stor vekt på at mange av stadane som får besøk av Epos, ser på dette som eit veldig eksotisk og flott tilbod. Og det er både bøker som gjev leselyst, og det er eit kulturtilbod.

– Vi opplever jo her i Gulen at folk reiser lange avstandar for å kome med på denne kulturopplevinga som det er når bokbåten er her. Den tener føremålet sitt på ein veldig god måte. Det utvalet også har sagt er jo at ein skal sjå nærare på eit samarbeid med den kulturelle skulesekken og bokbåten, for å utvide og vidareutvikle, seier Krf-politikaren.

Vi opplever jo her i Gulen at folk reiser lange avstandar for å kome med på denne kulturopplevinga som det er når bokbåten er her

Trude Brosvik, Krf

Ho legg til at kultur kostar uansett om ein skal gå på kunstmuseet i Førde eller du skal oppleve det på andre måtar.

– Det fantastiske med bokbåten, og for så vidt med heile bibliotektenesta er at det er eit gratis tilbod til folk og at det er med på å halde oppe leselysta. Men også å gje born, unge og vaksne opplevingar via bøker og andre media er kjempeviktig, også i eit demokratisynspunkt.