Først opp i fjellet, nå ned ei bratt urd til grotteopninga. Foto: Omar Sejnæs.
Fjellfestivalen i Rauma er igang - og i år blir det lagt vekt på at også dei minste skal få vere med på tur. Onsdag fekk over 100 barn sjå korleis det ser ut inni eit fjell.
Litt skummelt
- Dette likar eg, seier Andreas Søvik. Han har tatt turen til Åndalsnes for å vere med på fjellfestivalen. - Dette er ikkje skummelt i det heile teke, seier han. På veg inn i grotta er han likevel ikkje heilt sikker på korleis han skal kome seg ut att. - Nei, det anar eg ikkje, seier og ser litt uroa mot utgangen.
Blåhammarhøla
Det er bratt, det går rett ned når grotta skal utforskast. Foto: Omar Sejnæs.
Opp på fjell og inn i fjell. Under fjellfestivalen på Åndalsnes skal alle sider ved Romsdalsfjella utforskast og i dag var turmålet Blåhammerhøla, ei kalksteingrotte som går djupt inn i fjellet.
Fleire enn venta
I går fekk borna oppleve at grotteutforsking er både strabasiøst, glatt og litt skummelt. - Vi hadde sett for oss omlag 20 deltakarar, men her kom det over 100, seier Solrunn Sylte, som var guide i Blåhammarhøla. - Heldigvis så kom det også mange foreldre, slik at ingen fekk vanskar i dag, seier ho.
Litt glatt
- Eg har gått nedover i grotta, og så har eg glidd litt, seier Elin Eide Røste, med eit smil som understrekar at dette var morsomt, det var spennande og ein dag ho kjem til å hugse lenge.
Det er spennande inne i fjellet. Foto: Omar Sejnæs.