Hopp til innhold

Blei tvangsinnlagt på sjukeheim

Ein lege i Molde får kritikk for å ha brukt tvang overfor ein pasient. Ved hjelp av politiet blei pasienten henta heime og lagt inn og undersøkt på ein sjukeheim. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal konkluderer med at dette er i strid med lova.

Det blei heller ikkje dokumentert godt nok i journalen til pasienten kva for vurderingar legen tok.

Molde kommune får samtidig kritikk for å ikkje sørga for god nok opplæring, mellom anna av tilsette sitt høve til å bruke tvang overfor pasientar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL