Utfordrar kommunane
– Kommunane har ei viktig rolle i gjennomføringa av den sirkulære økonomien som er tufta på gjenbruk av gamalt materiale og gjenvinning av avfall. Det seier statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Else May Norderhus som peikar på at kommunane gjer mange store innkjøp. Dette er ein økonomi som vil ha store gevinstar i framtida, men kommunane kan gjere mykje meir enn det dei gjer i dag, meiner Norderhus. – Kommunane kan bruke innkjøpsmakta si til å presse fram nye produkt og nye tenester og gjerne bruke lokalt nærngsliv, seier statsforvaltaren.