Hopp til innhold

Skiløpar blei hengande etter hendene på kanten av stupet

Ein skiløpar skal ha blitt hengande etter hendene då skavlen knakk under han på toppen av fjellet Blånebba (1320 m.o.h.) i Rauma søndag.

Stup Rauma

STUPBRATT: På kanten av dette stupet på veg til Blånebba løsna skavlen og utløyste eit stort skred.

Foto: Dag Furberg Fjeld

– Han blei hengande etter henden då skavlen knakk, og slik eg forsto det måtte turfølget hjelpe han opp igjen, fortel Dag Furberg Fjeld.

Han var på veg ned frå toppen saman med tre andre då han såg at ein stor skavl hadde knekt, og at det gjekk mange skispor ut på kanten.

Var klar for aksjon

Furberg Fjeld er til vanleg med i skredgruppa til Røde Kors hjelpekorps, og tenkte med ein gong at dei måtte sjekke om nokon var tatt av skredet.

– Vi fekk det travelt med å komme oss nedover, og etter kvart såg vi fire stykke som sat og rasta. Det viste seg at det var ein av dei som hadde løyst ut skavlen, og blitt hengande etter hendene på kanten, fortel han.

Skavlen var stor

Skavlen var stor, og slik er det mange stader i landet no.

Foto: Dag Furberg Fjeld

Det er eit stup rett under på rundt 100 meter, og skavlbrotet førte til at det vart løyst ut eit stort flakskred.

– Eg har gått mykje på tur, men aldri sett nokon som har vore så nær ei dramatisk ulykke før. Dei var rimeleg skremde, og dei gjekk ikkje heilt til toppen, for å seie det sånn.

Raset frå Blånebba sett frå nabotoppen Storhesten

Jan Petter Vad tok bilete av raset på Blånebba frå nabotoppen Storhesten.

Foto: Jan Petter Vad

Furberg la ut informasjon om hendinga på regobs, ei nettside der folk kan registrere observasjonar av skred og fareteikn i fjellet.

– Det er store skavlar no, og fort gjort at det kan gå gale. Ein må vere veldig konservative i vegvala sine, seier Dag Furberg Fjeld.

Dag Furberg Fjeld

Dag Furberg Fjeld har gått mange toppturar, men aldri sett ei så dramatisk nestenulykke før.

Foto: privat

Kunne blitt fatalt

Snøskredvarslinga Varsom har plukka opp hendinga frå regobs og skrive ein eigen artikkel der dei åtvarar folk mot å gå ut på skavlar.

– Eg blei klam då eg såg bilete, for det har vore ein del alvorlege ulykker med skavlbrot dei siste åra, og det er på denne tida det ofte skjer slike ulykker, seier Espen Nordahl som er vaktleiar i snøskredvarslinga.

Han vil gjerne få ut informasjon om kor farleg det er å gå utpå kanten når ein er på topptur, fordi det er store skavlar mange stader i landet akkurat no.

Det fine vêret gjer også at det er ekstra mykje folk på tur.

Espen Nordahl

Espen Nordahl

Foto: Privat / Privat

– Hendinga på Blånebba i dag kunne fått fatale konsekvensar. Vi ser også at det løyste ut eit skred under. Vi hadde et liknande tilfelle i Lyngen i fjor, med tragisk utfall, så dette er noko ein skal ha svært stor respekt for framover, seier han.

Han slår fast at sjølv om det går spor ut på kanten, skal ein ikkje stole på at det er trygt.

– Dersom ein går for langt ut, skal det veldig lite til før dei knekk, så hald god avstand!

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL