Hopp til innhold

Bodfirma rota vekk europaliga-billettar

Fredag skulle 400 europaligabillettar vore i Molde sine hender. Kampen mot København går torsdag, og måndag morgon hadde framleis ikkje billettane vist seg. Dei hadde blitt rota vekk av bodfirmaet ...

Molde vs. Heerenveen

Molde blei klar for europaligaen etter å ha slått Heerenveen i kvalifiseringa. Her er det Magnus Wolff Eikrem som trøkkar til i ei takling. Det spørst om han ikkje hadde takla vedkommande som rota vekk billettane til København-kampen litt hardare ...

Foto: SCANPIX / Reuters

– Det er heilt utruleg at eit bodfirma klarer å rote vekk ein sending på denne måten. Det må nok ha vore menneskeleg svikt ein stad i systemet.

Det seier Lars Outzen, billettansvarleg i Molde FK, til Romsdals Budstikke.

Rota vekk i Noreg

Torsdag kveld reiser Molde til København for å spele den første kampen sin i europaligaen. Med på lasset skal mange Molde-supporterar.

Måndag kveld meldte derimot Molde om uventa trøbbel.

«Vi har i dag fått stadfesta at TNT, som henta våre billettar i Parken førre onsdag, har greidd å rote vekk billettane etter ankomst Noreg. Dette er svært beklageleg, men det ligg utanfor vårt ansvarsområde.»

Billettane til kampen mellom København og Molde skulle eigentleg komme til Molde fredag. Måndag hadde altså billettane framleis ikkje funne vegen til Romsdalsbyen.

Lars Outzen

Lars Outzen, billettansvarleg i Molde FK, er oppgitt etter billettkrøllet.

Foto: Terje Reite / NRK

– Det er ikkje godt å seie kva som har skjedd. Vi har fått stadfesta at dei var sporlaust forsvunne i går måndag, fortel Outzen til NRK.no.

Der var sporingsnummer på forsendinga, men dette stoppa opp på fredag. Måndag fekk Outzen spørsmål om kvifor forsendinga ikkje var skriven under på.

– Etter kvart fekk vi TNT til å spore billettane, Outzen.

Billettane hadde rett og slett forsvunne, og det er snakk om 400 billettar. Det er talet på billettar Molde hadde bestilt i alt.

– No vi veit vi at billettane er på veg til Åndalsnes i ein bil, seier Outzen tysdag formiddag.

Alternativ løysing

Dermed får ikkje Molde-supporterane kjøpt billettar til kampen. I staden må Molde til med ei naudløysing.

«Vi løyser det ved å selje vougerar som kan løysast inn mot billett i København.», skriv Molde på nettsidene sine.

– Billettane frå bodfirmaet kan dukke opp, men det er for seint for oss no. Dette er ikkje slik vi ønskja det, seier Outzen i Molde FK.

I tillegg til frustrasjonen over bodfirmaet TNT er Molde FK frustrert over København. Dei var, ifølgje Outzen, treige med å sende billettane i første omgang.

Molde har sjølv vore tidleg ute med å bestille billettar til sine heimekampar. Kva etterspel bodblemma får veit ikkje Molde FK og Outzen.

– Men det er sjølvsagt ein skandale at det går slik, avsluttar Outzen.

Voucherar kan kjøpast i suppoertershop i Molde frå klokka 12.00 tysdag.

– Passar det ikkje kan ein kome på kontoret. I København har vi fått to billettluker, etter avtale med København. Der sel vi billettar i eine luka, og løyser inn voucherar i den andre.

– Og det er god med plass. Inne på stadion tek feltet 1000 personar. Vi bestilte 400 billettar til Molde, avsluttar Outzen.