Hopp til innhold

Bil av vegen i Stordal

  • Sendt til sjukehus

    Føraren av bilen som køyrde av vegen i Stordal blir no sendt vidare til sjukehuset for nærare undersøking og behandling. Politiet er no på staden for å gjere undersøkingar. Saka vil bli etterforska.

  • Bil av vegen i Stordal

    Sunnmøre politidistrikt opplyser at ein bil har køyrt av vegen i Stordal. Ambulanse er på staden og politiet er på veg. Det skal berre vere ein bil innvolvert i ulukka. Tre personar er frakta til legevakta i Stordal for kontroll. Skadeomfanget er uvisst.