Hopp til innhold

Samferselsministeren blir møtt med store krav

Ei betring av ferjekapastiteten i fylket i tillegg til auka rassikringsløyvingar er hovudbodskapen frå fylkesordføraren når han møter samferdselsministeren i dag.

Her er den nye og den gamle fergen før skifte

Oppgradering av ferjeflåten har første prioritet på ønskelista innan samferdsel i Møre og Romsdal

Foto: Stein A Roald

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa har kalla inn til møte for å få vite kva fylka i Midt-Noreg meiner er viktigast i transportplanen frå 2014 til 2023.

Fylkesordførar i Møre og Romsdal, Olav Bratland, meiner samferdselssektoren må ha tilført mange milliardar for å kome i mål med dei ulike prosjekta.

Olav Bratland

Olav Bratland seier det er semje om prioriteringane innan samferdsle i fylket.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

- Det er viktig å tenkje langsiktig. Det er store summar det er snakk om, og då gjeld det å ha gode planar. Her må vi spele inn dei viktige satsingsområda, og det er det vi skal gjere no.

Og ønskjelista til Møre og Romsdal er både lang og dyr.

Skred Sunndal Horrvik-fonna

Horrvik-fonna i Sunndal

Foto: Alex Veter

Oppgradering av ferjekapaiteten kostar 700 millionar kroner. Rassikring for heile landet er på to milliardar kroner årleg. Vegvedlikehald kostar fylket 700 millionar kroner kvart år, og langt der framme opnar Olav Bratland opp for Møreaksen.

Vil ha vegfond

- Fantasilaus skeivfordeling på Stortinget

Samferdelspolitisk debatt

Vegprosjekt skaper ofte splid i eit fylke, men denne gongen hevdar fylkesordføraren at prioriteringslista er samrøystes.

- I Møre og Romsdal så har vi dei siste åra hatt stor semje om prioriteringa. Då har vi også kunna stått sammen om meir midlar til viktige område. Dette er også avgjerande for å kunne nå opp.

Møreaksen

Sambandet mellom Sunnmøre og Romsdal er også med på ønskjelista til fylkesordføraren.

Foto: Illustrasjon / NRK