Hopp til innhold

Samferdelspolitisk debatt

Samferdsle sto i sentrum då NRK Møre og Romsdal opna valsendingane med politisk debatt frå Syltemartnan i Tresfjord.

Syltemartnan
Foto: Kjell Myklebust / NRK

Ikkje så rart kanskje, i og med at både Tresfjordbrua og Vågetunnelen har kome inn blant dei prioriterte samferdsle-prosjekta i Møre og Romsdal dei komande åra.

Stolt Klinge

Jenny Klinge (Sp) kunne fortelje at ho var svært stolt då Tresfjordbrua og Vågetunnelen kom inn på Nasjonal transportplan.

- Ja, eg var stolt. Eg hadde vore på synfaring her før vedtaket blei gjort, og hadde høyrt om alle som var redde for å sleppe barna sine ut på desse vegane. Eg hadde også høyrt om næringslivet som kvar dag var redd for ras og ulukker. Det var ein stor augneblink å kome med beskjeden om at prosjekta skal realiserast i løpet av dei fire komande åra.

Føringar og rammer

Elise May Botn (Ap) sa at regjeringspartia no har lagt føringar og rammer for det som skal gjennomførast i området.

- No vil vi gjerne halde handa på desse prosjekta og styre dette vidare, sa ho. No skal vi få dette på plass, og dette er ei klar satsing frå regeringspartia.

- Tidlegare har Nasjonal transportplan vore som ei urealistisk ønskeliste. No er Nasjonaltransportplan eit oversyn over kva prosjekt som skal byggast. Det er inga regjering tidlegare som har klart å følgje opp det som har stått i desse planane. Den raudgrøne regjeringa er den første regjeringa som følgjer opp dette for kvart budsjettår. Når Tresfjordbrua og Vågnetunnelen no ligg inne i planen så betyr dette at dette er forpliktande, og at vi skal følgje opp dette, sa Jenny Klinge (Sp).

Færre vogntog

Bjørn Jakobsen(Sv) var oppteken av at det skal gå færre vogntog gjennom Tresfjord.

- Vi kjem til å kutte ned i talet på vogntog gjennom Tresfjorden og opp Romsdalen. Vi skal få denne trafikken over på båt, og over på tog, sa Bjørn Jacobsen. (SV)

Regjeringsmakt viktig

Kven som har regjeringsmakta er svært viktig for satsinga på samferdsel, sa Elisabeth Nørve (H).

- Ja, dette har stor betydning. Høgre vil ha ein samferselspolitisk revolusjon. Vi vil bygge eit norsk vegnett med europeisk standard, sa ho. Vi skal ta i bruk heilskaplege finansieringsformer, som OPS. Eksportvegen forbi Tresfjord og gjennom Romsdalen er utruleg viktig for heile fylket vårt, sa ho. OPS byggjer på eit samarbeid mellom det offentleg og det private i finansieringa. På denne måten kan heile prosjekt fullførast utan å ta det stykkevis og delt, sa Nørve.

Meir infrastruktur med FrP

- Med eit samarbeid med Frp blir det meir pengar til infrastruktur som vegar, sa Harald Tom Nesvik (FrP). Landet vårt har forfalt når det gjeld veg, samanlikna med situasjonen i andre land. Det er så gale i dette landet vårt no, at vi låner ut pengar til Tyskland for at Tyskland skal bygge vegar, utan at vi realiserer noko slikt i Noreg.

Langsiktig arbeid

Leif Helge Kongshaug (V) opna med å gratulere Tresfjorden med Tresfjordbrua.

- Dette prosjektet har ikkje kome berre som eit resultat av arbeidet til den raud-grøne regjeringa. Vi som har vore med i politikken nokre år veit at slike prosjekt kjem som eit resultat av langsiktig politisk arbeid og sterkt lokalpolitisk engasjement. Gratulere til alle som har stått på i årtier, sa Kongshaug.

- Vi i Venstre skal vere med og kjempe for veg. Vi er opptekne av næring og vi er opptekne av utvikling. Vi er opptekne av busetnad, og vegane er naudsynt infrastruktur for at måla skal oppfyllast, sa Kongshaug. Ei regjering med Høgre, KrF og Venstre vil gje ein god samferdslepolitikk, meinte han.

KRf med på OPS

Førstekandidat for KrF, Rigmor Andersen Eide, sa at hennar parti støttar Høgre i at samderdsleprosjekt kan finansierast gjennom eit samarbeid mellom det offentlege og private.

- Vi støttar OPS-finansiering. Vi meiner det er viktig å få realisert prosjekta raskt. VI må sjå på samfunnsrekneskapen, den må telje med når vi ser på økonomien. Vi vil ikkje redusere bilavgiftene, men pengane må gå til veg, og ikkje minst til trafikktrygging, sa ho.