Fondet der rentefrie lån blir eit viktig element, skal medverke til å få realisert ferjefrie fjordkryssingsprosjekt.
- Sjå på det problemet vi har i Noreg i dag, og særleg på Sunnmøre. Vi har mange fjordkryssingar i ønskjer å realisere. Vi vil utvikle industrien vår, og gode vegar er heilt naudsynt for å utvikle Sunnmøre og Møre og Romsdal, seier Trygve Holm.
•
•
Vil halde på ungdommen
Trygve Holm legg vekt på at gode kommunikasjonar er viktige ikkje berre for å utvikle industrien og å skape arbeidsplassar. Det handlar også om å skape ein region der det er attraktivt å bu.
- Dersom vi skal få ungdommen til å vere her, då må vi ha samferdsle og god infrastruktur. Dei må kunne flytte, reise og bu slik dei ønskjer sjølve. Dette er heilt naudsynt. Elles klarer vi ikkje å møte framtida, seier Holm.
Vil ha med LO
Han håper å få gjennomslag heilt til topps i LO. Dette kan vere viktig for å få gjennomslag for tanken om at prosjekta skal få rentefrie lån, meiner han.
- Det kan det. Det blir i alle fall jobba for det. Vi gjer dette fordi vi meiner noko med det, og vil jobbe vidare for det. Eg vonar indarleg at vi klarer der. Det kan også utløyse arbeidsplassar i ei nedgangstid. Det er viktig vi ser på desse framtidssakene no. Om det blir dårlege tider skal vi kunne byggje infrastruktur i Noreg, og møte framtida på ein annan måte, seier Trygve Holm.