Vegen open i Ørsta
E39 mellom Barstadvika og Vartdal i Ørsta er no ferdig rydda og open i begge køyrefelt. Ein betongbil velta tidlegare i kveld, og vegen vart først heilt stengt og deretter open i i eitt køyrefelt.
E39 mellom Barstadvika og Vartdal i Ørsta er no ferdig rydda og open i begge køyrefelt. Ein betongbil velta tidlegare i kveld, og vegen vart først heilt stengt og deretter open i i eitt køyrefelt.
Det eine køyrefeltet i Barstadvika i Ørsta er no ope, etter at ein betongbil køyrde av vegen. Det er manuell dirigering, opplyser politiet.
Det skal vere snakk om mindre personskader etter at ein betongbil velta mellom Barstadvika og Vartdal. Bilberging er på veg til staden, men politiet ber folk om vurderer alternative ruter, fordi vegen vert stengd ei stund.
Ein betongbil har velta mellom Barstadvika og Vartdal, melder politiet på twitter. Naudetatane er på veg til staden og vegen er stengt.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.