Hopp til innhold

Bestilte luksusvesker frå Bergen: – Håpe du skammer deg!

Kvinner over heile landet skal ha betalt inn tusenvis av kroner for å få ei Louis Vuitton-veske. Postpakkane viste seg å innehalde noko heilt anna.

Montasje

Fleire kvinner seier dei betalte tusenvis av kroner for ei Louis Vuitton-veske, men fekk gamle klede i staden. No skal svindelsaka opp i Hordaland tingrett.

Foto: Montasje

Ei kvinne i 40-åra på Sunnmøre fekk hakeslepp då ho opna pakken som kom i posten våren 2020. Nokre dagar før hadde ho funne ei Finn-annonse med ei eksklusiv Louis Vuitton-veske til sals. For 13 000 kroner skulle draumen bli sann.

Men det blei bomtur på posten.

I staden for ei brun skinnveske med den eksklusive logoen var det berre ei utvaska dongeribukse og ein sliten genser i pakken.

– Det er skammeleg, eg forstår ikkje at dei har samvit til det, seier kvinna.

Ho ønskjer å vere anonym, slik som dei andre kvinnene NRK har snakka med. NRK kjenner identiteten til samtlege.

Skjermdump frå tekstmelding

Sunnmørskvinna blei sint då ho oppdaga kva som kom i posten.

Foto: Skjermdump

14 kvinner og ein mann på limpinnen

Sunnmørskvinna er i godt selskap. Ei småbarnsmor i 20-åra i Bergen er no tiltalt for å ha svindla og forsøkt å svindle 14 kvinner og ein mann frå ulike stader i landet for til saman nesten 165 000 kroner.

Dette skal bergenskvinna fått til med hjelp frå ein litt eldre mann.

Framgangsmåten skal ha vore den same overfor alle:

Den eksklusive veska, som hadde ein salspris på i underkant av 20 000, skal ha blitt lagt ut til sals for nokre tusenlappar mindre.

Men i staden for å gje frå seg veska, skal kvinna ha pakka ned gamle kle og sendt landet rundt. Deretter skal ho ha blokkert dei frustrerte kjøparane frå vidare kontakt.

Det var Sunnmørsposten som først omtalte tiltalen.

Louis Vuitton-veske

Denne veska kostar om lag 27 000 kroner i butikken no. Hordalandskvinna skal ha bedt om lag halvparten av dagens pris.

Foto: privat

– Kjenner på skam

Ifølgje tiltalen skal fleire kvinner ha betalt inn mellom 10 000 og 20 000 kroner for å få tak i den ettertrakta luksusveska. Ei kvinne i 50-åra frå Oslo seier ho har tapt 13 000 kroner i forsøket på å dottera å få oppfylt draumen om ei Louis Vuitton-veske.

Ho skal vitne i rettssaka i Hordaland tingrett i starten av oktober.

– Eg kjenner på ei skam over at eg let meg lure. Gjennom prosessen og dialogen ringde det eigentleg ganske mange bjøller som eg burde lytta mykje tydlegare til, seier ho.

Kvinna seier ho reagerte på at seljaren skal ha oppgitt at ho budde i Nordland, sjølv om ho hadde adresse i Bergen.

Då pakken endeleg kom, viste den seg å innehalde ein blå hettegenser. Då blei Oslo-kvinna både sint og skamfull.

Les også Kvinne frå Romsdal tiltalt for strikkesvindel mot folk frå heile landet

Bildet som svindeltiltalt kvinne delte.

Forbrukarrådet: Be om kvittering

Forbrukarjurist Nora E. Wennberg Gløersen i Forbrukarrådet seier at dei stadig får inn saker frå folk som rapporterer om at dei har blitt lurt på plattformer som Finn, Facebook og Tise.

– Svindelen går typisk ut på at forbrukarar som kjøper relativt dyre ting aldri får det dei har kjøpt, eller at dei får tilsendt noko heilt anna, som smørpakkar eller vektskiver, seier ho.

Forbrukarrådet har ei rekkje gode råd for dei som vil handle på nett:

  • Be om bilde av den aktuelle vara dersom seljaren berre brukar bilde frå Internett
  • Er prisen for låg er det kanskje for godt til å vere sant
  • Be om kvittering eller annan dokumentasjon som beviser at vara er ekte og kvar den er kjøpt
  • Sjekk om seljaren har hatt profil på plattforma over tid og har fått anmeldelsar frå tidlegare kjøp og sal
  • Meld eventuell svindel til politiet så snart som råd
  • Kontakt kundesenteret hos Finn, Facebook, Tise for å få loggført hendinga og eventuelt utestengt brukaren
    Nora Wennberg Gløersen i Forbrukerrådet

    Jurist Nora Wennberg Gløersen i Forbrukarrådet oppfordrar folk til å be om kvittering for varer som blir selt på nett.

    Foto: Forbrukerrådet

Ante uråd

Sunnmørskvinna som fekk ei utvaska dongeribukse i posten, ante ugler i mosen. Då pakken kom, opna ho den på posten før ho hadde betalt. Dermed kunne ho avsløre at ho ikkje hadde blitt eigar av ei Louis Vuitton-veske.

På den måten sparte ho seg truleg 13 000 kroner.

– Eg følte eg var heldig som avslørte det på førehand, slik at eg ikkje blei lurt, seier ho.

Småbarnsmora i Bergen ønskjer ikkje å kommentere tiltalen. Advokaten til den medtiltalte mannen ønskjer heller ikkje å gje nokon kommentar.

Saka skal opp for Hordaland tingrett i starten av oktober.

Les også Verdens fremste luksusmerker sverger til norske dyr