Kvinne skal ha svindla strikkekundar over heile landet

Kvinna i 40-åra gjorde avtalar om å selje kofter og genserar over nett og tok betalt, men leverte ikkje varene. No er ho tiltalt for svindel.

Bildet som svindeltiltalt kvinne delte.

STRIKKESVINDEL: Dette er eitt av bilda kvinna i 40-åra brukte for å vise kva ho hadde strikka før. No er ho tiltalt for svindel mot fleire titals personar frå heile landet.

– Først følte eg meg dum som hadde falle for dette, men eg synest det er fælt når det er så mange. Det er ganske dårleg gjort, seier Unni Katrin Lyngset Hundere frå Sogndal.

Folk over heile landet, som sjølv ikkje kunne eller ville ta strikkepinnane i bruk, står på lista over dei som skal vere råka av svindelen. I august må ei kvinne i 40-åra frå Romsdal møte i Møre og Romsdal tingrett tiltalt for svindel av 41 personar.

Ifølge tiltalen skal ho i fjor ha selt strikkeprodukt for rundt 56.000 kroner som ho aldri leverte. Det var VG som først omtalte tiltalen.

Over heile landet

Ved hjelp av innlegg på sosiale medium skal kvinna i 40-åra ha framstilt seg som ein erfaren strikkar, som kunne levere til andre. Og mange takka ja til hjelp med handarbeidet.

NRK har vore i kontakt med fleire av dei som har blitt utsett for svindelen. Avtalane blei gjort på Facebook og Messenger og betalinga skjedde med Vipps. Summane varierte frå 500 og opptil 4.400 kroner.

Unni Katrin Lyngset Hundere

Unni Katrin Lyngset Hundere reagerer på at kvinna skal ha lurt så mange.

Foto: Privat

Lyngset Hundere kom i kontakt med den no svindeltiltalte kvinna på ei strikkegruppe i juli i fjor.

– Eg spurte om nokon kunne strikke to kofter og ho tok kontakt. Dei skulle vere ei julegåve så eg var tydeleg på at det ikkje måtte bli forseinkingar. Vi snakka om fargar og garn og ho sende meg bilde av ulike kofter.

Kvinna tilbaud også å strikke barneklede og totalsummen enda på 3600 kroner. Etter dette blei det mange meldingar om framgangen på prosjektet. Lyngset Hundere fekk også bilde av at kvinna skulle ha starta på arbeidet.

– Eg blei letta for ein er jo litt skeptisk når ein gjer slike avtalar på nett, men ho verka ærleg.

Ulike unnskyldningar

Då dei som hadde kjøpt varer tok kontakt for å etterlyse desse skal kvinna i 40-åra ha oppgitt beinbrot, hjarteproblem og sjukehusopphald som grunnar til at varene var forseinka. Kvinna skal også ha sendt fleire av kjøparane eit bilde frå sjukesenga, men på ulike tidspunkt. Ho skal også ha gjort nye avtalar om strikkeprosjekt i etterkant av at desse bilda blei sendt.

Kvinne tiltalt for svindel av strikkeprodukter.

Kvinna skal ha sendt bilde til fleire av kjøparane om at bestillinga var forseinka fordi ho låg på sjukehus. Fleire har fått det same bildet, men på ulike tidspunkt. Kvinna er tiltalt for svindel av 41 personar i perioden mars til november 2020.

Foto: Skjermdump

Etter kvart opplevde mange at kvinna slutta å svare. Lyngset Hundere prøvde å ringe henne frå ulike nummer, utan å få kontakt. Ho trua med å melde saka til politiet om ho ikkje høyrde noko meir, noko ho gjorde i fjor haust.

– Det er trist, for eg hadde jo gleda meg til å få koftene og lagt pengar i det. Sjølv om summane ikkje er store, så blir det jo mykje til slutt. Det har gjort meg meir varsam når eg sel og kjøper ting på nettet.

Beate Bjørnsen frå Ålesund blei også lurt. Ho bestilte ein Liverpool-genser til mannen til jul, og betalte vel 1600 kroner.

– Dei tapte pengane er ikkje det suraste i denne saka, det er mest irriterande at du ikkje kan stole på folk, seier ho.

Mange blei svindla

Og dei er ikkje aleine. Sylvi Pedersen Vatne frå Tromsø mistenkte at ho hadde blitt svindla då ho såg at kvinna blei etterlyst på Facebook.

Kvinne tiltalt for svindel av kundar for strikkeprodukt.

Sylvi Pedersen Vatne blei mistenksam etter å ha sett dette innlegget på Facebook. Ho hadde sjølv bestilt ein genser frå kvinna, men hadde berre sendt henne eit forskot på 600 kroner til garn.

Foto: Skjermdump Facebook

Ho fann så namnet til kvinna på ei svindlargruppe og oppdaga at det var mange som ikkje hadde fått varene sine. Saman med to andre samla dei rundt 50 personar i ei gruppe.

Det var mange som ikkje hadde tenkt å melde det, men då vi såg omfanget så skjønte vi at vi måtte gjere noko.

Kvinne tiltalt for svindel av strikkeprodukt.

Ifølge Sylvi Pedersen Vatne skal kvinna ha sendt same bildet av at arbeidet var i gang til fleire personar.

Foto: Skjermdump

Ifølge Vatne skal kvinna også ha hatt ei Finn-annonse, så ho mistenker at endå fleire har blitt svindla.

Ho understrekar også at nokre av dei i chatten etter kvart fekk varene sine.

– Ho kan ha hatt gode intensjonar og så hopa det seg opp. Men det øydelegg for så mange. Eg trur også at mange let vere å melde det til politiet fordi dei tenker at det ikkje blir gjort noko, så vi er veldig glade for at det blei tatt ut tiltale.

Aukande problem

Politiadvokat Vibeke Olsen Fagervold bekreftar at kvinna blei meldt av fornærma frå heile landet. Ho fortel at bedrageri på nett skjer stadig og at dette er eit aukande problem.

– Akkurat svindlar knytt til strikkeprodukt er sjeldan, men nettbedrageri generelt har vi ein del av, seier ho.

Fagervold fortel at strafferamma på saka er bot eller fengsel inntil to år. Kvinna er ikkje tidlegare dømd.

Ikkje fått kontakt

NRK har prøvd å kome i kontakt med kvinna, utan å lukkast.

Advokaten til kvinna, Roy Peder Kulblik, seier til NRK at han nyleg har blitt oppnemnt som forsvarar og at han difor ikkje har fått snakka skikkeleg med henne endå.

Red.anm: I tiltalen stod det opprinneleg at kvinna var tiltalt for sal av strikkeprodukter til ein sum av nærare 70.000. Politiadvokaten opplyser til NRK at det rette talet er rundt 56.000 kroner. Politiadvokaten bekrefter også at det er snakk om 41 fornærma.