Bestemor vann over barnevernet i Høgsterett – kan krevje å få samvær med barnebarnet

Bestemora på Sunnmøre har vore så desperat etter å treffe barnebarnet sitt at ho har kjempa i tre rettssaker. Jusprofessor trur sigeren i Høgsterett i dag vil endre norsk barnevern.

Smukkar og babyteppe, mormor i bakgrunnen

Bestemora har tatt vare på smokkane og babyteppet som den vesle jenta brukte då ho framleis budde heime hos dei biologiske foreldra sine.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Heilt sidan den vesle jenta var tre månader gamal, har bestemora kjempa for å få lov til å treffe barnebarnet. Kampen starta den dagen barnevernet bestemte at babyen hadde det best i ein fosterheim.

Bestemora tapte først i tingretten, deretter i lagmannsretten, men i dag fekk ho siger i Høgsterett.

– Vi vann, vi vann, vi vann i Høgsterett, jublar bestemora på Sunnmøre.

Dommen inneber at fleire besteforeldre kan krevje samvær med barn som er flytta i fosterheimar.

«Samvær med besteforeldre kan også bidra til å styrke og videreutvikle barnets bånd til den biologiske familien når det er fastsatt et samvær som er så begrenset at det i utgangspunktet ikke er egnet til å styrke og utvikle båndene mellom foreldrene og barnet,» skriv Høgsterett i avgjerda.

NRK har valt å anonymisere kvinna, av omsyn til barnebarnet.

Har lagt bort det norske flagget

Bestemora har slutta å feire 17. mai, i protest mot det ho opplever som eit stort overgrep frå norske styresmakter og rettsvesen. Ho meiner at barnebarnet burde hatt langt meir kontakt med den biologiske familien sin – også henne som bestemor.

Men fordi den vesle jenta får treffe foreldra sine tre timar seks gongar i året, har bestemora så langt fått avslag.

Men i dag snudde det, etter at Høgsterett har sett på saka.

– Det beste som kan skje er at eg får lov til å bli kjent med henne, og at vi får lov å vere i lag. Eg har lengta slik etter henne, seier bestemora.

– Kjem til å endre norsk barnevern

Professor Trude Haugli ved Universitetet i Tromsø er ekspert på samværsspørsmål, seier mange har venta spent på avgjerda. Ho trur dommen i Høgsterett kjem til å få store konsekvensar for norsk barnevern.

Trude Haugli

Professor Trude Haugli ved Universitetet i Tromsø seier mange har venta spent på avgjerda.

Foto: Linn Blomkvist

– Ja, det trur eg. Eg trur ein kjem til å legge meir vekt på familietilknytning framover, i tråd med signala frå Den Europeiske Menneskerettighetsdomstolen. Familie er ikkje berre foreldre, men også besteforeldre og sysken, slår ho fast.

Høgsterett slår no fast at langt fleire blir definert som part i ei barnevernssak, og dermed har rett til å be om samvær.Framleis vil det vere fylkesnemndene og domstolane som avgjer om dei får medhald i kravet.

Fryktar belastning for barna

Frode Lauareid, som representerte barnevernet i Høgsterett, er ikkje glad for avgjerda.

– Eg er litt overraska over utfallet. Eg synest ikkje Høgsterett har hatt eit barneperspektiv på resonnementa sine, slik dei er forplikta til. Det er mange tilfelle der det vil vere ei belastning for barn å treffe den biologiske familien, noko som Høgsterett absolutt ikkje har tatt omsyn til, seier han.

Frode Lauareid

Frode Lauareid representerer barnevernet i sunnmørskommunen.

Foto: Privat

Han seier avgjerda i Høgsterett inneber at fleire i den biologiske familien kan be om samvær med barn som er flytta i fosterheimar. Dette er i dag strengt regulert.

Håper sigeren gir andre håp

Norsk barnevern har dei siste åra fått kritikk i Menneskerettsdomstolen i Strasbourg for å ha vore for strenge når den biologiske familien har ønskt kontakt med barn i fosterheimar. Seinast i juni blei Noreg felt for å ha krenka retten til familieliv i tre barnevernssaker.

Også bestemora på Sunnmøre sto klar til å klage dit, om ho ikkje fekk medhald.

No håper ho at avgjerda skal gje også andre besteforeldre håp.

– Det betyr svært mykje for vår familie, men eg er også veldig glad for alle andre som no kan få kontakt med barnebarna sine, seier ho.

Bestemor held teppe og smukkar etter barnebarnet ho saknar

Bestemora med eitt av teppa ho har tatt vare på etter at barnebarnet blei plassert i fosterheim.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK