Hopp til innhold

Går til Høgsterett for å få sjå barnebarnet sitt

I seks år har mormora kjempa for å sjå barnebarnet som bur i fosterheim. No går saka til Høgsterett.

Smukkar og babyteppe, mormor i bakgrunnen

Bestemora seier saknet etter barnebarnet er aller størst i jula og på bursdagar. 17. mai orkar ho ikkje feire lenger.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Bestemora på Sunnmøre har tatt vare på babyteppet og smukkane frå den tida barnebarnet var ein liten baby.

Jenta med det mørke håret var berre eit spedbarn då barnevernet bestemte at det beste for henne var å vekse opp i ein annan heim. Då hadde bestemora sett den vesle jenta dagleg, og allereie knytt sterke band. Med eitt var det slutt på trilleturane.

– Det var heilt forferdeleg, seier ho.

Barnevernet meinte dei biologiske foreldra ikkje var skikka til å ta vare på henne.

I åra etterpå har mormora kjempa for retten til å treffe jenta.

– Eg saknar henne heile tida, tenkjer på kva ho gjer, om ho er i barnehagen. Ho følgjer tankane mine heile tida, seier bestemora.

NRK har valt å anonymisere kvinna, av omsyn til barnebarnet.

Resepsjon Frostating lagmannsrett Ålesund Sunnmøre tingrett

Bestemora har kjempa i retten i fleire rundar for at også ho skal kunne møte barnebarnet sitt.

Foto: Harry Heggdal / NRK

Kan bety mykje for mange

Kampen til 52-åringen på Sunnmøre kan få konsekvensar for mange andre. For nyleg blei det klart at Høgsterett skal sjå på saka.

Bestemora tapte både i tingretten og lagmannsretten, men Høgsterett meiner lova er uklar og skal behandle saka i vår.

Dersom ho vinn fram, kan det bety at andre nære familiemedlemmer også kan få treffe barn som Barnvernet har overtatt omsorga for. Advokat Mette Yvonne Larsen, som har hatt mange slike saker, seier saka kan bli svært viktig.

– Saka er særdeles viktig fordi besteforeldre si rolle lenge har vore undervurdert i rettsapparatet. Besteforeldre har ikkje hatt noko særleg stor plass i rettsapparatet, trass i den betydelege rolla dei har i barn sine liv, seier ho.

Mette Yvonne Larsen

Advokat Mette Yvonne Larsen seier mange besteforeldre har ei betydeleg rolle i barn sin eliv, men at deira rolla blir undervurdert i rettsapparatet.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Får sjå barnet åtte timar i året

Det er strengt regulert kven frå den biologiske familien som har krav på å treffe barn som bur i fosterheimar. Først og fremst er det foreldra. Dersom dei er døde eller ser ungane sine svært lite, kan besteforeldre ha krav på å få sjå dei.

Og det er nettopp dette som er kampen til bestemora på Sunnmøre.

Foreldra til jenta på Sunnmøre får sjå henne fire gongar i året, to timar kvar gong. Det meiner bestemora er så lite at også ho har krav på å få sjå barnet. Men ho har så langt ikkje vunne fram.

Lagmannsretten konkluderte rett før jul med at barnevernet har rett i si vurdering, og viste mellom anna til at Høgsterett tidlegare har konkludert med at 12 timar i året heller ikkje er «svært lite». Her blei det også slått fast at ny praksis frå Menneskerettsdomstolen i Strasbourgh ikkje endrar på dette.

Ventar på avklaring frå Høgsterett

Reidar Andresen, som representerer barnevernet på Sunnmøre, vil ikkje kommentere saka konkret, men syns det er greitt å få ei avklaring frå Høgsterett.

Advokat Reidar Andresen

Advokat Reidar Andresen seier han ser fram til avgjerda i Høgsterett.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Det er greitt at Høgsterett på nytt ser på problemstillinga, sett i lys av ny praksis frå Europadomstolen i Strasbourg. Høgsterett behandla spørsmålet sist i 2015, seier Andresen.

Orkar ikkje feire 17. mai

Bestemora seier saknet etter barnebarnet er størst på julaftan og jenta sin bursdag. 17. mai orkar ikkje bestemora feire lenger fordi ho er så usamd i norske styresmakter si handtering av saka.

Sjølv om ho er sikker på at jenta er høgt elska av fosterforeldra sine, skulle ho som er den biologiske mormora så gjerne hatt henne nærare i livet. No håper ho at barnebarnet skal kome på besøk, slik ho gjorde då ho var bitte lita.

– Eg håper på inderleg at eg kan få lov til å ha henne her, at vi kan gjere masse kjekke ting i lag, at ho kan bli kjend med familien sin, og at eg kan bidra positivt i oppveksten hennar, seier ho.

– Men er du sikker på at den kampen du no kjempar er til beste for barnebarnet ditt?
– Ja, eg kan ikkje forstå at samver med nokon som er glad i deg og vil deg det beste, kan vere dårleg. Dess fleire som er glad i deg, dess meir kjærleik får du, seier ho.

Bestemor held teppe og smukkar etter barnebarnet ho saknar

Det kvite babyteppet strikka bestemora då jenta var lita. Ho har behalde både det og smukkane til den vesle jenta.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK