Hopp til innhold

Fann 160 meter langt ulovleg laksegarn

Kvar sommar finn Statens naturoppsyn ulovlege garn langs kysten. Både fugl og fisk går i dei flytande laksegarna. – Alvorleg miljøkriminalitet, seier SNO.

Teist funnen i laksegarn

LAKSEGARN FANGA FUGL: I det store laksegarnet blei det funne både teist og gås. Dette er ein teist som er teken ut av garnet.

Foto: Ivar Øyen / Statens Naturoppsyn

Det var tips frå publikum som gjorde at representantar for Statens naturoppsyn reiste ut til holmane utanfor Vikan i Hustadvika i Møre og Romsdal onsdag kveld.

Der fann dei eit 160 meter langt drivgarn. Utforminga var slik at Michael Eklo i naturoppsynet ikkje er i tvil om at det var laks fiskarane var ute etter.

– Garnet var svært godt eigna til å ta laks med og var plassert i eit område der laksen kjem inn til kysten. Dessutan var dimensjonane slik at alt tyder på at det har vore meininga å ta store mengder fisk, seier Eklo.

Sårbare laksestammar

Bestandane av laks og sjøaure går stadig nedover, og Statens naturoppsyn ser svært alvorleg på laksefiske i havet.

Hustadvika ligg sentralt plassert i området der laks frå ei rekkje større vassdrag kjem inn frå Atlanterhavet. Mange av laksestammane er svært sårbare. Enkelte elvar er til og med stengde for laksefiske.

– Når ein fiskar i ytre havområde har ein ikkje oversikt over kva genetisk materiale ein fiskar på. Det er lettare å styre fisket og få oversikt over stammane når fisket går føre seg i tilknyting til vassdraga, forklarar Eklo.

Beslag av ulovleg garn på Hustadvika

Garnet var på heile 160 meter. Statens naturoppsyn meiner det viser at fangsten var meint for økonomisk vinning.

Foto: Statens naturoppsyn

Død fugl i garna

I tillegg til at denne måten å fiske laks på set laksestammane i fare, viste beslaget også at slike garn drep fugl.

– Det var døde fuglar i garnet. Her var det både teist og gås. Dette var jo veldig uheldig. Vi veit jo at det ikkje er nokon god død å bli hekta fast i eit slikt garn.

Funnet på Hustadvika går inn i ei rekkje av tilsvarande funn, der dimensjonane er så store at det har potensial til å fiske svært mykje fisk ulovleg.

– Vi veit ikkje, men det er sannsynleg at den ulovlege fangsten ikkje berre er til eige bruk, men også er økonomisk motivert. Dette er alvorleg miljøkriminalitet, seier Eklo.

Ulovleg laksegarn

Her har naturoppsynet fått det 160 meter lange garnet inn i båten.

Foto: Ivar Øyen / Statens Naturoppsyn

Vanskeleg å straffeforfølgde

Utan fleire tips frå publikum er det mykje som tyder på at det ikkje blir ytterlegare straffeforfølging i ei sak som dette. Garnet var utan merke og naturoppsynet veit ikkje kven som står bak.

– Vi har ingen namngjeven gjerningsperson i dette tilfelle. Men hendinga er registrert og vi deler informasjonen med politiet og kystvakta, seier Eklo.

Det ulovlege laksegarnet blei funne utanfor Vikan på Hustadvika.