Hopp til innhold

Beskjed om å avbryte kom for seint

Bourbon Dolphin fekk beskjed om å avbryte oppdraget, men beskjeden kom for seint. Det kom fram under høyringa etter forliset tysdag ettermiddag.

BOURBON DOLPHIN-HØRING
Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Kaptein Grim Bergtun på Olympic Hercules forklarte under høyringa at Dolphin låg for nær det eine ankeret, og måtte endre posisjon før dei kunne avbryte oppdraget.

Vanskeleg å stabilisere

- Riggen har truleg sett alvoret i situasjonen, og har nok difor prøvd å stabilisere Bourbon Dolphin i staden for å fullføre oppdraget med å få ut ankeret, seier direktør i Bourbon Offshore, Trond Myklebust.

Han trur det kan ha vore vanskeleg for båten å stabilisere situasjonen, sidan dei allereie var i gang med å sleppe ned ankeret.

Uklar grunn

Highland Valour, som var hjelpeskip for Bourbon Dolphin, ba riggen Transocean Rather om å sleppe ut meir wire for at Dolphin skulle kome seg unna.

- Det er synd at det vart avslått. Det såg ut til å fungere for Olympic Hercules då dei bad om det same tidlegare, seier Myklebust.

Grunnen til at Dolphin ikkje fekk den same hjelpa kom ikkje fram i høyringa.

Lite nytt

Grunnen til at Bourbon Dolphin forliste 12. april er ikkje klar endå, men ein har i løpet av høyringa kome fram til at mange faktorar har vore med på å få båten til å gå rundt. Myklebust meiner at det ikkje har kome fram mykje nytt i dei to dagane høyringa har vart.

- Det som var nytt i dag var at me fekk danna oss eit bilete av når Dolphin vart hovudfarty i staden for hjelpefarty i denne operasjonen, seier Myklebust.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL