Hopp til innhold

Berre to avgangar frå Hamnsund i dag

På grunn av vedlikehaldsarbeid ved Hamnsund hurtigbåtkai blir det berre to avgangar derifrå med hurtigbåten i dag. Desse er 07.15 og 08.10. Dette gjeld ruta mellom Ålesund – Valderøy – Store Kalvøy – Hamnsund.

Resten av dagen vil ikkje fartøyet trafikkere Hamnsund. Alle avgangar Ålesund, Valderøya og Store Kalvøy vil bli utført som normalt. Det blir også sett opp ein eigen buss frå Skateflua Ålesund med avgang 15.50, denne korresponderer med bussrute 231 og 232 på Hamnsund. Det melder Boreal.