Hopp til innhold

19-åringen snur opp ned på VM: – Eit lite mysterium

Jordan Stolz er den beste skøytesprintaren i verda, men har vraka sprint for å gå allround i VM. Korleis han klarer å gå så raskt, lurer sjølv trenaren på.

Stolz

PÅ GULLJAKT: Jordan Stolz har allereie tatt seks VM-gull på enkeltdistansar. Nå jaktar han allroundgull.

Foto: AP

I VM i enkeltdistansar for tre veker sidan gjorde Stolz reint bord, med overlegne gull på 500, 1000 og 1500 meter.

Amerikanaren gjentok dermed gulltrippelen sin frå VM året før og han tok også verdsrekorden på 1000 meter tidlegare i år.

I vekas sprint- og allround-VM går han likevel ikkje sprint, der dei går 500 meter og 1000 meter to gonger kvar. I staden satsar han fullt på allround, sjølv om det då betyr både 5000 og 10.000 meter, i tillegg til 500 og 1500 meter.

– Eg synest det er utruleg kult at han stiller. Han droppar sprint og veit vel sjølv at han viss han hadde stilt opp der, så hadde han tatt sigeren. Det er kult at han ønsker å utfordre seg sjølv litt meir og stiller på allround. Det blir jo eit ekstremt bra show, seier Sander Eitrem.

Sander Eitrem Patrick Roest

IMPONERT: Sander Eitrem er full av beundring for Jordan Stolz.

Foto: Christoffer Andersen / NTB

Trur Stolz vil leie med 30 sekund

Eitrem er det største norske medaljehåpet for mennene, men på førehand er det «superduellen» mellom Stolz og nederlandske Patrick Roest «heile» skøytemiljøet snakkar om.

Spørsmålet dei fleste no stiller seg er kor stort forsprang Stolz vil ha før den avsluttande 10.000-meteren – og kor mange sekund han treng ned til forfølgarane.

– Eg tippar han nok vil leie med rundt 30 sekund på Roest. Det trur eg eigentleg er nok til å vinne. Ein skal gå ekstremt godt på 10.000 for å ta igjen det, seier Eitrem.

Eksempelvis har Stolz ein personleg rekord på 500 meter som er høvesvis rett over to og tre sekund betre enn Roest og Eitrem. Kalkulert om til 10.000-sekund vil det utgjere i overkant av 40 og 60 sekund.

Patrick Roest

FAVORITT: Det er Patrick Roest som toppar adelskalenderen, men spørsmålet er kor lenge han vil halde unna for Stolz.

Foto: NTB

– Eg bør kunne ta to sekund på 500 meter. Så tape rundt ti sekund på 5000 meter. Då har eg eitt tidspoeng (eitt sekund på 500 meter) igjen. Så håpar eg å ta eit nytt sekund på 1500 meter. Då har eg eit forsprang på 26 sekund før 10.000 meter. Viss Roest går rundt 12.50, så skal det vere mogleg, seier Stolz til NOS.

Stolz har ein personleg rekord på 10.000 meter på 13.17,53 frå Salt Lake City i januar.

Det er også einaste gong han har gått distansen, noko som gjer at det blir potensielt ganske ukjent terreng for Stolz søndag ettermiddag.

Trenaren forbløffa av styrken

Den nøkterne 19-åringen fokuserer sjølv først og fremst på å bli best mogleg. Skal vi tru trenar Corby, finst det ikkje grensar for kva Stolz kan klare.

– Er han det mest unike talentet på planeten?

– Ja, han er verkeleg det. Han trenar veldig hardt. Han er i veldig god form og er heilt utruleg sterk. Det er derfor han går så raskt. Du kan berre ikkje tru kor sterke beina hans er, sa Corby til NRK i Calgary.

Stolz har tidlegare i karrieren blitt samanlikna med blant anna Eric Heiden, amerikanaren som mellom anna blir hugsa for at han som 21-åring vann alle dei fem distansane i OL i Lake Placid i 1980.

I ein skøytesport som blir stadig meir spesialisert, er Stolz den som er nærast å kunne gjere liknande blant dei mannlege skøyteløparane.

Mykje takka vere ei enorm hurtigheit og evne til å bevare farten i svingane.

– Kva gjer han i svingane som ingen andre klarer?

– Det eit lite mysterium. Han er veldig god til å lene seg inn, men andre kan også gjere det. Han er berre så sterk, sa Corby.

Stolz

LYNRASKE SVINGAR: Stolz er blant anna kjent for dei raske svingane sine.

Foto: AP

Ville gå begge delar

Eit mogleg scenario er også at Stolz kan ha eit forsprang som gjer at han kan tillate seg å bli tatt igjen med ein runde av ein løpar som Roest på 10.000 meter, og då potensielt i parløp.

– Det er kanskje noko av det eg gleder meg mest med til helga, å sjå den duellen på 10.000 meter. Då mest sannsynleg Jordan Stolz mot Patrick Roest. Det blir utruleg gøy, seier Ragne Wiklund, som jaktar medalje for kvinnene.

– Det er utruleg imponerande det han har fått til og det han driv på med og har på gang. Det kan hende vi har mykje å lære, seier Wiklund.

Stolz hadde opphavleg tenkt til å gå både sprint og allround i VM. Etter planen skal Miho Takagi gjere det for kvinnene. Ho er på veg mot siger i sprint-VM-et for kvinner.

I samråd med trenar Bob Corby enda det til slutt med «berre» allround for Stolz.

– Eg kjenner det er ein av dei mest prestisjefylte konkurransane i hurtigløp på skøyter, ved sida av OL. Å vinne det vil vere stort, men Patrick er openbert ein tøff konkurrent, sa Stolz.

PS! Wiklund, Eitrem og resten av det norske laget jaktar det første norske allroundgullet sidan Johann Olav Koss vann VM i 1994. Sjukdom har øydelagt mykje for det norske landslaget i vinter, men det norske laget melder om ei sjukdomsfri oppkøyring inn mot VM.

null
Spiller nå
Sjekk Ruuds sommerskille: – Noe av det raffeste jeg har sett 00:21
Neste

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal