Hopp til innhold

Berre Aarøy igjen

Tor Hogne Aarøy er den einaste att på AaFK-laget som i 2005 slo Fredrikstad 4-1 på bortebane.

Tor Hogne Aarøy
Foto: Arne Flatin / NRK

25.september 2005 var ein fantastisk dag i historia til Aalesunds Fotballklubb. 4-1 vart resultatet på gamle Fredrikstad stadion etter scoringar av Bechara Oliveira, Lasse Olsen, Erlend Holm og Tor Hogne Aarøy.

Tor Hogne Aarøy på trening på Giskebana
Foto: Arne Flatin / NRK

No er Aarøy den einaste som er igjen frå dette laget av dei som kjem til å spele kampen på søndag. Adin Brown var med i 2005, men han er no langtidsskadd. Trond Fredriksen var ute med karantene for fire år sidan, og er truleg med i troppen til kampen i Østfold søndag.

Men i tillegg til dei nemnde målscorarane er spelarar som Gustave Bahoken, Peter Werni, Christian Steen, Bjørn Erik Melland, Herman Ekeberg, Frode Fagermo, Kim Deinoff, Haraldur Gudmundsson, Karl Oskar Fjørtoft, Stian Johnsen, Morten Moldskred og Eirik Hoseth borte frå AaFK. Det har med andre ord vore stor utskifting i løpet av tre og eit halvt år.

Meir stabilt

Tor Hogne Aarøy seier det ikkje er unaturleg at så mange har forsvunne i løpet av desse fire åra. AaFK har hatt fleire trenarar, Normark, Per Joar Hansen , Åkeby og no Rekdal. Han trur likevel det er viktig at klubben på sikt får med seg ein del spelarar som vert kontinuitetsberar på A-laget. Kjetil Rekdal er i ferd med å bygge opp sitt ÅFK-lag. Han seier det er naturleg at det har vore store utskiftingar, men håper at det kan verte meir stabilt på sikt. Han seier det ikkje er muleg å skifte ut 10 spelarar kvar sesong, men at han sjøl måtte ta ein ryddeaksjon i fjor etter at sesongen var slutt. Ein ryddesjau som førte til at blant andre Fjørtoft, Holm og Olsen forsvann.

Stortap ifjor

Medan AaFK vann 4-1 i 2005 vart det 5-0 tap 16.mai i fjor. Dermed har AaFK nok å revansjere. Rekdal er rimeleg trygg på at resultatet vert betre denne gongen. Han trur det er godt muleg å hente poeng i Østfold, og trur ikkje det spelar så stor rolle at FFK har Anders Grönhagen tilbake på sidelinja. Rekdal er likevel klar over at laget frå plankebyen er mellom dei aller beste heimelaga i Eliteserien. I fjor tapte FFK berre to kampar heime, for Stabæk og Lyn. I år har dei alt tapt for Stabæk, men ingen trur at laget er noko dårlegare på heimebane i år enn det dei var i fjor. Den gongen var det berre Stabæk og Bodø/Glimt som presterte betre heime enn det FFK gjorde.