Ber om 12 år fengsel

Aktor krev 12 år fengsel for sunnmørsmannen som er tiltalt for å ha forgripe seg mot 65 mindreårige filipinske jenter.

Mannen nekta straffskuld for det meste då rettsaka starta tysdag, men har etterkvart vedgått alle 129 tiltalepunkta.

Under rettsaka denne veka kom det fram at mannen har brukt nesten ein halv million kroner på direktesende overgrep, og at han tok tusenvis av bilde undervegs.

Søre Sunnmøre tingrett
Foto: Synnøve Hole / NRK