Ber folk halde seg heime i kveld

Vegvesenet ber folk om å halde seg heime måndag kveld. Det er stor rasfare i fylket, og meir mildver i vente.

Knut Nauste

Avdelingsingeniør Knut Nauste i vegvesenet åtvarar folk mot å leggje ut i kveld.

Foto: Fjord1

Vegvesenet ber måndag ettermiddag folk i Møre og Romsdal om å halde seg heime. Ver og føre kan gje vanskelege køyreforhold og vegar kan bli stengde på kort varsel.

- Folk som bur i tradisjonelt rasutsette stader bør halde seg i ro i kveld, seier avdelingsdirektør Knut Nauste.

Mange stengde vegar

Måndag ettermiddag er fleire vegar i fylket stengde på grunn av ras eller fare for ras. Det er:

  • Fylkesveg 41 Bueide - Skjåstad
  • Fylkesveg 41 Leira - Viddal
  • Fylkesveg 43 Hunneset - Vatne
  • Fylkesveg 60 Stranda ferjekai - Hellesylt
  • Fylkesveg 63 Indreeide - Geiranger - nattestengd
  • Fylkesveg 70 Store Standal - Festøya, ved Soljølet
  • Fylkesveg 191 Eikesdalen - nattestengd
  • Fylkesveg 312 - Hoven - Leangen
  • Fylkesveg 314 Hafsåsen - Gjørasmoen
  • Fylkesveg 651 Bjørnaset - Heidane
  • Fylkesveg 655 Skylstad - Fivelstadhaugen

I tillegg melder vegvesenet at fleire vegar kan bli stengde på kort varsel. Fjord1 MRF sette måndag ettermiddag opp ferje mellom Stranda og Hellesylt, for å ta unna trafikken etter vegstenginga.

Ørskogfjellet opna igjen

Ørskogfjellet blei tidlegare i dag stengt, men etter å ha gått over området med helikoper måndag ettermiddag vurderte geologane det slik at vegen kunne opnast igjen.

- Det meste av snøen er komen ned, berre eitt laussnøområde gjenstår, så førebels opnar vi vegen, seier avdelingsdirektør Knut Nauste. Måndag kveld bestemte vegvesenet seg for å halde vegen open gjennom natta.

Les meir:

Stor skredfare

Skredforskar Krister Kristensen

Skredforskar Krister Kristensen trur det kjem fleire skred i løpet av natta.

Foto: NRK

Vekslande ver gjer at det er varsla stor skredfare i Møre og Romsdal. Krister Kristensen i Norges Geotekniske Institutt seier det kan gå fleire ras i kveld og natt.

- Med all den snøen som er komen,vil det nok brake laus ein del skred, seier Kristensen. Han trur skreda kan bli store.

- Det ligg fersk snø i mange av fonnefara, og skreda vil nok dra med seg denne snøen, seier Kristensen.

Les også:

Storm i kveld

Det blir ein våt, kald og stormfull kveld i Møre og Romsdal. Ifølgje Meteorologisk institutt er det venta liten storm 22 med regn, og snø i høgda.