Dei meiner fire hallar bygd av firmaet ikkje er sikre nok, medan Lønnheim har avvist dette.
I Møre og Romsdal har firmaet bygd 10 hallar, og fleire melder at dei vil vurdere nærare undersøking av bygga.
Ny undersøking
Det var ei undersøking utført av Statens byggtekniske etat som viste at brann- og konstruksjonstryggleiken i fire hallar i landet er for farleg. Alle desse hallane er bygd av Lønnheim Entreprenør i Kristiansund, og ein av dei var Eidehallen i Eide kommune. Bakgrunnen for undersøkinga er fleire samanbrot av hallar rundt om i landet på grunn av snø og brannar. Feil ved dimensjonering er hovudårsaka, og Kjell Hoel ved Braatthallen ser svært alvorleg på dei nye opplysningane.
Dei ti hallane i fylket som er bygd av Lønnheim Entreprenør ligg i Tingvoll, Aukra, Frei, Halsa, Kristiansund, Eide, Vanylven og Ålesund. Og tilsaman har firmaet bygd 59 hallar i heile Noreg. Hoel vil no vurdere om ein skal setje i gang undersøkingar av Braatthallen.
Avviser kritikk
Byggfirmaet Lønnheim Entreprenør har presiserer at det ikkje har vore personskade eller fare for personskade ved hallar dei har bygd. Selskapet er overraska over kritikken, og meiner også at rapporten har manglar ved seg.