Hopp til innhold

Soldatar tiltalte etter masseslagsmål på Åndalsnes

Åtte belgiske spesialsoldatar er tiltalte for vald etter masseslagsmålet på Åndalsnes i midten av februar.

Nabo'n pub i Åndalsnes.

SLÅSTKAMP: Belgiske soldatar og fleire frå lokalbefolkninga var involvert i eit slagsmål på Åndalsnes natt til søndag 18. februar.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Det opplyser statsadvokat i Møre og Romsdal, Ingvild Thorn Nordheim, til NRK.

– Vi har tatt ut til tiltale for grov kroppskrenking, kroppskrenking og ordensforstyrring mot åtte av desse soldatane, seier ho.

Stort slagsmål

Natt til søndag 18. februar rauk fleire titals personar saman utanfor Nabo'n pub på Åndalsnes. Blant dei involverte var fleire lokale og ein rekke spesialsoldatar frå det belgiske forsvaret.

Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim

Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim

Foto: Silje Thalberg / NRK

Tidlegare denne veka var det klart at totalt åtte av desse soldatane var sikta etter hendinga. Saka blei så sendt over til Statsadvokaten i Møre og Romsdal for vurdering.

No har Nordheim bestemt at dei tek ut tiltaler mot desse åtte soldatane.

– Vi meiner at dei har gjort seg skuldig i straffbare forhold mot dei fornærma. Vi har identifisert kvar enkelt soldat og har gode bevis for at dei har utført dei handlingane dei no er tiltalt for, seier Nordheim.

Ho fortel vidare at soldatane ikkje har erkjent straffskuld.

På noverande tidspunkt er seks personar registrerte som fornærma i saka. Ein av dei fornærma blei lagt inn på sjukehus etter hendinga, men har sidan blitt skrive ut. Det er uklart om personen har fått langvarige skader.

I tillegg skal fem personar ha blitt lettare skadd. Ingen av dei belgiske soldatane skal ha meldt om skader i etterkant av hendinga.

Fleire titals personar var involvert i slåstkampen i Rauma.

Må møte i retten i september

Saka skal opp i Møre og Romsdal tingrett 3–6. september.

Dei belgiske spesialsoldatane er ein bataljon av fallskjermjegerar som er på vintertrening hos Møre og Fjordane heimevernsdistrikt 11 (HV-11). Øvinga varer fram til 8. mars.

– Vi har hatt god kontakt med det belgiske militæret om at dei tiltalte kjem til å stille i september. Tiltalen og stemninga er forkynt for alle dei tiltalte så dei er kjent med når dei må kome tilbake, seier Nordheim.

– Kan dei fritt forlate landet når øvinga er ferdig?

– Ja. Vi har god tru på at dei kjem til å kome tilbake, seier Nordheim.

Les også Jovie varsla politiet: – Det var 20–30 personar som slost

Valdshendinga skal ha skjedd her på Naboen Pub i Åndalsnes.

Lokale kan bli sikta

Politiet i Møre og Romsdal jobbar vidare med etterforskinga av årsaka og omstenda rundt slåstkampen.

Anders Skorpen-Trøen står utenfor politistasjonen i Molde. Han har på seg politiuniform, og ser alvorlig inn i kamera.

Politiadvokat Anders Skorpen-Trøen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Politiet held også fram med etterforskinga av det som ikkje er fanga på video.

Politiadvokat Anders Skorpen-Trøen seier det er sannsynleg at dei også kjem til å sikte personar frå lokalbefolkninga etter eit masseslagsmålet.

– Det er veldig sannsynleg at vi gjer det. Vi jobbar med å identifisere dei for å vere sikker på at vi har plukka ut riktige personar, og så er det fornuftig med eit avhøyr før dei eventuelt blir sikta, seier politiadvokaten.

– I så fall blir dei sikta for ordensforstyrring, legg han til.

Les også Fleire er sikta etter masseslagsmål på Åndalsnes

Utenfor Nabo'n pub i Åndalsnes. Det er blodflekker på bakken.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL