Det var ei uvanleg rettssak som gjekk for Møre og Romsdal tingrett tidlegare i september. På tiltalebenken sat åtte topptrente spesialsoldatar, kledde i sivilt – og med kvar sin forsvarar framfor seg.
Dei er tiltalte for å ha dratt rett frå ein fleire dagar lang marsj og ut på byen, der dei hamna i masseslagsmål i fylla mot lokale unggutar på Åndalsnes.
Ein av dei som blei slått av soldatane sa i retten at han var redd han kom til å døy.
Møre og Romsdal tingrett slår no fast at seks av spesialsoldatane er skuldige i å ha gått til angrep på lokale unge menn. Fleire av dei er dømde for i fellesskap å ha slått og sparka.
Dei seks må i fengsel i mellom 21 og 60 dagar.
– Eg er overraska over utfallet for min klient sin del, og hadde venta at han blei frifunnen, seier Kenneth Leren.
Han representerte ein av soldatane som no må i fengsel og strekar under at han førebels ikkje har lese dommen.
Kenneth Leren er forsvarar for ein av spesialsoldatane. Han seier han er overraska over resultatet.
Vurderer anke
Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim ba om fengselsstraff for alle åtte, mellom 24 og 60 dagar. No er to av dei blankt frifunne, den tredje delvis.
– Vi er fornøgd med å bli høyrt om påstand om domfellelse, og så får vi vurdere grunngjevinga for frifinninga, seier statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim.
Heller ikkje ho har lese dommen, men seier dei vil vurdere å anke frifinninga til lagmannsretten.
Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim og politiinspektør Anders Skorpen-Trøen i retten.
Foto: Synnøve Hole / NRKTo er frikjende
To av soldatane er frikjende i Møre og Romsdal tingrett, både for slagsmål og for å ha forstyrra ro og orden.
Den eine var tiltalt for å ha sparka og slått ein namngitt mann, men retten meiner dette ikkje er bevist, og dermed slepp han fengselsstraff.
Den andre var tiltalt for i felleskap med fleire av dei andre, å ha gått til angrep på ein ung mann. No slepp han fengselsstraff.
– Det var gledeleg, eg er sikker på at han er veldig godt fornøgd med det, og vi meiner også det er heilt korrekt, seier forsvararen hans, Mari Vik-Slettvold.
Ho har førebels ikkje snakka med klienten sin.
I tillegg er ein tredje soldat frifunnen for masseslagsmålet, men funnen skuldig i å ha forstyrra ro og orden.
Video frå masseslagsmålet
Slagsmål på frikveld
Det sentrale spørsmålet under rettssaka tidlegare i månaden var om soldatane handla i sjølvforsvar eller gjekk til angrep.
I retten tidlegare i september forklarte soldatane at dei blei utsette for drapstruslar, rasistiske tilrop og angripne av lokale unge menn kort tid etter at dei gjekk på byen.
Soldatane forklarte i retten at dei forsøkte å roe ned situasjonen, etterkvart som det utvikla seg til ein slosskamp. Det festar ikkje retten lit til:
«Volden ble ikke utøvd kontrollert for å passivisere fornærmede. Det er tilfeldig at NN ikke ble påført annet enn blåmerker på kroppen på grunn av volden. Spark mot kroppen overfor en person som ligger på bakken har stort skadepotensiale», heiter det i dommen.
Det var utanfor denne puben masseslagsmålet gjekk føre seg i februar 2024.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKLa fram film og bilde i retten
I retten blei det spelt av fleire filmklipp av slagsmålet, der ein kunne sjå ei gruppe gå til angrep på ein mann. Mannen blei lagt i bakken og sparka i hovudet, før han blei liggande heilt stille på bakken.
Påtalemakta hevdar at videoane viser spesialsoldatane som går til angrep på lokale, men fleire av dei tiltalte nekta for at det var dei som var på filmen.
Alle dei åtte soldatane nekta straffskuld då dei forklarte seg i retten.
Dei sa i retten at dei var redde for å miste arbeidet sitt i det belgiske forsvaret, dersom dei blei dømde. Dette ser retten heilt bort frå.
Dommen er førebels ikkje rettskraftig.
Soldatane var på vinterøving på Setnesmoen tidlegare i år.
Foto: Arnt M Olsen