Hopp til innhold

båt på grunn veidholmen

  • Sjark blir slept til land

    Sjarken som gjekk på grunn ved Veidholmen på Smøla blir no slept til land. Båten tok inn vatn, men mannen som var ombord har no fått hjelp med lensepumper av båtar som var i nærleiken. To redningsskøyter og eit redningshelikopter var på veg til båten. Ei av redningsskøytene har snudd, medan helikopteret blir verande i lufta til situasjonen er heilt avklart. Det opplyser Hovudredningssentralen på Sola.

    Redningshelikopter over Smøla
    Foto: Magnus Alnes Antonsen
  • Båt på grunn ved Smøla

    Ein mindre båt med ein person ombord har gått på grunn ved Veidholmen på Smøla. Det opplyser Hovudredningssentralen på Sola. To redningsskøyter er på veg til staden, men det vil ta litt tid før dei er framme. Også eit redningshelikopter er på veg til staden.