Hopp til innhold

Båt gjekk på grunn- føraren er mistenkt for promillekøyring

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein fritidsbåt grunnstøtte på eit skjer i Seivika i Kristiansund i natt. Redningsskøyta Erik Bye bisto med berging. Føraren av båten er mistenkt for promillekøyring.

Politiet fekk melding frå ein bebuar klokka 00.45 i natt om at han såg ein fritidsbåt som hadde gått på eit skjer. Redningsskøyta drog til staden og fekk berga båten av skjeret og taua den inn til Kristiansund. Der sto politiet og venta på føraren i 40-åra og kona hans.

– Vi mistenkjer at mannen køyrde med promille og frakta han difor til sjukehuset for å ta blodprøve, seier operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt, Rolf Arne Korstad.

Båten kom frå Surnadal og skulle til Kristiansund. Politiet har oppretta sak på mannen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL