Hopp til innhold

Barnepsykolog rår foreldre til å snakke med ungane sine om uveret

Barnepsykolog Atle Dyregrov seier orkan og uver gjer mange barn livredde. No ber han foreldra snakke roleg med dei.

Atle Dyregrov

Barnepsykolog Atle Dyregrov ber foreldre snakke med ungane sine.

Foto: arkiv / NTB scanpix

Det er mange som ventar i frykt og spenning på at Tor skal slå til langs vestlandskysten fredag ettermiddag. Barnepsykolog Atle Dyregrov oppfordrar foreldre til å snakke roleg med ungane sine om det som skjer.

Han meiner at korvidt borna blir redde er mykje opp til foreldra.

Dersom dei vaksne rundt borna er rolege og gir nøktern informasjon, er det all grunn til å tenkje av barna blir rolege av det, seier Dyregrov ved Senter for Krisepsykologi i Bergen.

Her kan du følgje veret i Møre og Romsdal fortløpande:

Mange barn sende heim frå skulen

Fredag har mange skular på Vestlandet sendt elevane sine heim, fleire tusen er straumlause, arrangement er avlyste og ferjer innstilte. Meteorologisk Institutt har sendt ut ekstremvarsel, og melder at orkanen kan slå til tidlegare enn venta.

Det er klart at når skular blir stengde og dei blir henta tidlegare i barnehagen, er det eit varsel som gjer at dei nok vil kike veldig nært på foreldra, og sjå korleis dei tek dette, og om dei blir redde, seier han.

Les også:

Her er råda frå barnepsykologen

Atle Dyregrov har fire konkrete råd til foreldre som skal snakke med borna sine om orkanen Tor fredag ettermiddag.

  • Pass på at du sjølv er roleg, slik at det ikkje er ein oppvaksen vaksen som seier noko.
  • Gje nøktern informasjon, sei kvifor dei vaksne er merksame på situasjonen
  • Informer konkret om kva som blir gjort av førebuingar før vinden (t.d. at folk har gått heim tidleg, at dei vaksne har tatt inn hagemøblar etc.)
  • Ta omsyn til ditt barn: husk at barn er ulike, nokre er urolege av natur, og treng meir samtale og nærleik. Andre bryr seg mindre og leikar vidare.

Orkansending i NRK Møre og Romsdal

Fredag ettermiddag sender NRK Møre og Romsdal radio direkte også via internettsidene våre. Her handlar det om orkanen Tor.

Dette blir også tema i tv-sendinga klokka 18.45 på NRK1.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL