NRK Meny
Normal

Sjukehusa styrkar bemanninga på grunn av ekstremver

Sjukehusa i Møre og Romsdal styrkar beredskapen. Førebur seg på stengte ferjer og bruer.

Ålesund sjukehus

Alle dei fire sjukehusa i Møre og Romsdal har styrka beredskapen før uveret Tor.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

– Alle dei fire sjukehusa i Møre og Romsdal har førebudd seg på utfordringane som kan kome etter orkanen "Tor", det seier beredskapssjef i Helse Møre og Romsdal, Hans Olav Ose.

Han er trygg på at stort sett heile befolkninga skal vere sikra helsehjelp sjølv om dei vert isolert. Då vil både fastlegar og lokale legevakter kunne brukast dersom ein ikkje kan frakte personen til sjukehus.

– Ja. Det er naturleg at fastleger og kommuneleger tek ansvar. Det er slik at ein ikkje kan førebu seg på alt. Men vi har førebudd oss for å takler dette på ein best mogleg vis, seier Ose.

Styrkar sjukehusa

beredskapssjef Hans Olav Ose

Beredskapssjef i Helse Møre og Romsdal, Hans Olav Ose.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Også bemanninga på sjukehusa vert styrka og endra.

– Vi legg opp til at ein skal kunne sleppe å flytte pasientar mellom sjukehusa dersom dei skulle trenge høgare omsorgsnivå. Dette driver vi akkurat no på å organisere, seier Ose.

Helse Møre og Romsdal har klare planar for kva dei skal gjere i situasjonar der folk vert isolert, og sjansen til å oppsøke, og få akutt helsehjelp vert redusert.

– Vi hadde vårt første førebyggande møte allereie i går. Der fekk dei som har ansvaret for å drifte ambulansetenestene i Møre og Romsdal fått i oppdrag å sjå korleis ein skal disponere ambulanseressursane, dersom ferjer, bruer og luftambulansen stoppar opp.

– Vil det være ambulanse og helsepersonell til stades overalt i fylket?

– Overalt vil det kanskje ikkje vere ambulansar. Men vi vil sjå til at det er landfaste ressursar til stades overalt, og som ikkje vert hindra av stengte bruer og ferjer, seier Ose.