Hopp til innhold

No blir dei sende heim

Elevar fleire stader i fylket blir no sende heim på grunn av den varsla orkanen.

Elevar på veg heim

Elevane ved Ulstein vidaregåande skule fekk ein uvanleg kort skuledag fredag. No vil dei heim før Tor treffer kysten.

Foto: Svein Smørdal

Elevar ved fleire vidaregåande skular på Vestlandet blir fredag ettermiddag sende heim på grunn av den varsla orkanen.

Rektor Margaret Alme ved Ulstein vidaregåande skule seier ho aldri har opplevd noko slikt.

Margaret Alme, rektor ved Ulsteinv vidaregåande skule

Rektor Margaret Alme ved Ulstein vidaregåande skule seier ho aldri før har opplevd å stengje skulen på grunn av veret.

Foto: Privat

Nei, ikkje at vi har stengt skulen på grunn av dårleg ver. Det er faktisk første gongen i mitt 27 år lange liv som skuleleiar, seier ho.

Les også:

Fleire skular sender heim elevane

Fredag formiddag valde dei å sende alle elevar heim klokka 11.40. Ifølgje fylkesutdanningssjefen har dei gjort det same ved Volda vidaregåande, Molde og Romsdal.

Elevar ved Ulstein vidaregåande

Fleire elevar jubla fredag ettermiddag over at dei fekk avslutte skuledagen uvanleg tidleg.

Foto: Svein Smørdal

På facebooksidene til NRK Møre og Romsdal skriv ei av også Ørsta vidaregåande skule har sendt heim elevane.

Det er fordi vi vil vere sikre på at dei kjem seg heim før uveret treff. I og med at mange er avhengige av ferjer og hurtigåbåt, og skal over bruer, som vi kan risikere blir stengde. Vi veit heller ikkje om bussane kjem til å gå, seier Alme.

Byggjer seg opp

Veret fredag har sakte, men sikkert auka på langs kysten fredag. Uveret er venta å treffe hardast fredag ettermiddag.

– Det bles og regnar litt, men noko sånt kjempeekstremt er det ikkje. Det er ikkje før om nokre timar det skal treffe på det verste, så då gjeld det å få seg heim igjen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL